Komande skoleår vil du som Vg1-elev kunne velje om du vil ha ein berbar PC som fylket kjøper inn til deg, eller få eit tilskott frå fylket til å kjøpe/bruke eigen PC.
I fylkeskommunen sine vidaregåande skolar er elevane pålagt å vere utstyrt med berbar PC til bruk i undervisninga i ei rekkje fag.
Elevane som startar på første året (vg1) kan velje mellom to ordningar for å skaffe seg PC. Dei får anten
*Ordninga gjeld berre elevar på Vg1-trinnet ved Møre og Romsdal fylkeskommune sine vidaregåande skolar. Ordninga gjeld ikkje for elevar som har fått PC eller tilskott frå fylket tidlegare.
PC-en som eleven får utlevert på skolen ved skolestart, er ein Lenovo ThinkPad Edge 13,3”. Denne PC-en vil ha ei yting som gjer at ein kan nytta dei digitale læringsressursane som vert brukt i undervisninga og han er tilfredsstillande til dei mest vanlege fagapplikasjonane som skolane bruker. PC-en er vesentleg kraftigare enn fjorårets modell.
| Teknisk beskrivelse av maskinen: |
|---|
Prosessor: AMD Turion L625(1.6GHz)
Minne: 2GB RAM
Harddisk: 320GB 5400rpm HD
Grafikkort: ATI Radeon HD3400
Skjerm: 13.3in 1366x768 LCD
Trådløst kommunikasjon: 802.11bgn, Bluetooth
Kablet nettverk: 1Gb Ethernet
Innebygget mus: Multi-touch, 2 button Touchpad and trackpoint
Kamera: Low-light sensitive camera
Batteri: 6c Li-Ion, 5,2 timer
Operativsystem: Win7 Home Premium 64 eller 32
Skjermutganger: VGA, HDMI
Vekt: 1,76 kg
Andre porter: 3 USB, 5-in-1 card reader, Mic/speaker combo jack
Maskinen leveres med 3 års brukerstøtte, garanti og forsikring.
Med PC-en følgjer ein service- og forsikringsordning som gjer at eleven er garantert fri service og forsikring dersom uhellet er ute.
For bruk av den berbare PC-en vil du betale ein eigendel på kr. 870 i tre skoleår, jf. § 19-6 i forskrifta til opplæringslova om fylkeskommunen sitt ansvar for utgifter til læremiddel og utstyr.. Du vil difor bli fakturert ein eigendel frå fylkeskommunen 15. november kvart skoleår. For skoleåret 2010/2011 er han på kr. 870,
Eleven får eit utstyrsstipend frå Statens lånekasse for å halde seg med utstyr, sjå www.lanekassen.no, For skoleåret 2010/2011 er stipendet på
kr. 870. Dette må du søke lånekassa om.
Medrekna utstyrsstipendet får du dermed ikkje kostnader med PC-en.
Etter tre år får du PC-en. Dersom du sluttar som elev tidlegare, kan du overta han med eit mellomlegg svarande til dei gjenståande innbetalingane.
Dersom du vil at fylket held deg med PC som du får utlevert ved skolestart, må du fylle ut registreringsskjemaet under.
Frist for registrering er 16. juli. (Status 12.8.: Leverandøren har fortsatt nokre maskiner tilgjengeleg for levering til skolestart. Ver raskt ute med bestilling!)
Registreringsvindauget vil vere ope til 30. juli. Men ei registrering etter 16. juli gjer at vi ikkje kan garantere at du får PC-en utlevert ved skolestart.
Når du får utlevert PC-en på skolen må du underteikne ein avtale med fylkeskommunen. Avtalen finn her;
Dersom du held deg med PC sjølv eller vil kjøpe ein, får du eit eingongstilskott frå fylkeskommunen. Dette tilskottet er kr. 2 330, og vil bli utbetalt i midten av september. Det blir ikkje kravd eigendelar for bruk av eigen PC på skolen.Dersom du held deg med PC sjølv, kan du få råd frå skolen om minimumskrav til PC til bruk i skolen.
Samla tilskott du får til å kjøpe PC blir kr. 4940, når ein reknar med utstyrsstipendet frå lånekassa over 3 år (2330+870*3).
NB! Du treng ikkje registrere deg dersom du vel alternativ 2 - bruke/kjøpe eigen PC.
Når det gjeld PC-ordninga, rår vi deg til å følgje med på ungweb.no og skolen si heimeside for å halde deg informert.
Velkomen som elev ved vidaregåande skole i Møre og Romsdal fylkeskommune!
Helsing
Per Hoem
Fylkesutdanningssjef
Fristen er no gått ut.
Kommentarar (0)