Kjenner du til ein kommune i Møre og Romsdal som fortener heder og ære for sitt ungdomsarbeid? No kan du nominere din kommune til Årets ungdomskommune 2010. Prisen delast ut under Ungdommens fylkesting i Kristiansund frå 5. - 7. november.
Retningsliner – årets ungdomskommune i Møre og Romsdal
Prisen «Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal» delast ut årleg av Ungdommens fylkesting i Møre og Romsdal.
Prisen skal gå til kommunar som har utmerka seg ved å:
Prisen delast ut innan april året etter kåringa er gjort og gjeld inneverande år.
Kommunar kan nominerast av alle som har tilknyting til Møre og Romsdal fylke.
Nomineringa skal sendast i skriftleg form til Ungdomspanelet innan den annonserte fristen.
Nomineringsbrevet må innehalde grunngjeving for nomineringa .
Ungdomspanelet pliktar å gjere prisen kjent for alle kommunane i fylket, samt annonsere prisen godt.
Ungdomspanelet sett kvart år frist for nominering, og planlegg informasjonsstrategi for prisen.
Ungdomspanelet står fritt til å velje blant innkomne nominasjonar før dei leggast fram for Ungdommens Fylkesting.
Medlemer i Ungdomspanelet kan ikkje nominere kommunar til prisen. Heller ikkje presentere nominasjonar for Ungdommens Fylkesting.
Mottakar av prisen er offentleg når avgjerda er tatt, men møtet er lukka under handsaminga.
Prisen består av eit diplom og 3000 NOK som Ungdomspanelet nyttar fritt til det/dei føremål Ungdomspanelet vedtek.
Ungdomspanelet atterhald seg retten til å ikkje dele ut prisen.
..................................................................................................................................................
Retningslinene vart revidert av ungdomspanelet i Møre og Romsdal fylkeskommune i møte 21.04.09
..................................................................................................................................................
Har du spørsmål send mail til rådgivar Anne Berit Svenkerud Halle på absh@mrfylke.no eller ring 98413003
Nominasjonar sendast til: Møre og Romsdal fylkeskommune, Ungdomspanelet, 6404 Molde innan 1 oktober!
Kommentarar (0)