Fylkestinget vedtok måndag at Ungdomspanelet får full møte- og talerett i utdanningsutvalet: - Dette vil vi umiddelbart nytte oss av, og stiller frå no med representant på kvart møte i Utdanningsutvalet, seier ein svært nøgd leiar i Ungdomspanelet, Ida Andrine Heggset.
Skrive av Svein Magne Harnes, MRfylke
Det var i samband med fylkestingssak om endring av vedtekter for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet at fylkestinget samrøystes slutta seg til dette benkeforslaget:
'Ungdomspanelet vel ein representant med møte- og talerett i utdanningsutvalet. Forslaget blir innarbeidd i vedtektene til utdanningsutvalet.'
- Dette er verdfullt og engasjerande, seier Heggset, og eigentleg skulle det berre mangle; trass alt er det ungdommen det gjeld det som blir drøfta i utdanningsutvalet.
I alle fall betyr det svært mykje at vi opplever å bli tatt på alvor. Vedtaket gjekk faktisk mykje lenger enn det vi forventa.
Kommentarar (0)