Tysdag den 13 oktober er det klart for ei nyvinning på fylkestinget. Ungdommens spørjetime arrangeres for første gong. I ein time får medlemmene i Ungdomspanelet stille spørsmål til fylkesordførar Olav Bratland og dei andre fylkestingpolitikarane.
-Kjempespennande å få stille spørsmål direkte. Vi håper vi får konkrete svar på våre spørsmål, og at dette gjer politikarane meir oppmerksame på at dei kan bruke Ungdomspanelet som ein ressurs i saker som er spesielt viktige for ungdom, seier leiar Jørgen Ask Bakke i Ungdomspanelet.
Ungdomspanelet er vald av Ungdommens fylkesting, og møtast 8-9 gongar i året. Panelet skal vere eit aktivt bindeledd mellom ungdom og Møre og Romsdal fylke, og skal mellom anna drive lobbyverksemd overfor politiske styresmakter, og iverksetje Ungdommens fylkesting sine intensjonar. Nå får altså Ungdomspanelets representantar direkte tilgang til fylkestingets talarstol. Ungdommane har i lenger tid jobba med spørsmål til spørjetimen. I følgje Jørgen Ask Bakke vil spørsmåla i stor grad dreie seg om samferdsel og skole.
-Dette er tema som ungdom i fylket er spesielt opptatt av. Mellom anna undervisningsevaluering og kollektivtilbod, seier Bakke.
Også fylkesordførar Olav Bratland har forventningar til Ungdommens spørjetime.
- Det gir oss eit særs godt høve til å komme i direkte dialog med ungdom, og få innblikk i kva problemstillingar denne gruppa er oppteken av. Eg ser veldig fram til å prøve dette, og trur det kan være fruktbart for begge partar, seier Bratland, som ikkje veit alle spørsmål som ventar politikarane.
-Det er noko av spenninga med dette. Det kan nok hende at spørsmåla blir andre enn dei som vanlegvis stillast frå fylkestingets talarstol. Men det har vi ikkje vondt av, seier Bratland.
Ungdommens spørjetime arrangerast tysdag 13. oktober frå kl. 09.00-10.00 på fylkestingets møte på Union Hotell i Geiranger.
Kontaktperson: Jørgen Ask Bakke, leiar Ungdomspanelet tlf 906 07 475
Kommentarar (0)