Det er på tide å samle norske ungdommar. I september går Noregs fyrste nasjonalforsamling for unge av stabelen. Mellom den 19. og 21. september samlast ungdom frå heile landet i Oslo for å gje innspel til regjering og Stortinget om korleis unge opplever Noreg, og kva dei ønskjer å endre.
Ungdommane skal diskutere og kome fram til saker som er viktige og som dei ønskjer at myndigheitene skal gjøre noko med. Deretter møter dei ansvarlege politikarar i eit dialogmøte for at politikarane skal få høyre kva nasjonalforsamlinga har kome fram til.
Historisk nasjonalforsamling for ungdom
- Det finnes medvirknadsorganer i mange kommuner og fylker, men det har til nå ikkje vore eit organ der ungdom kan få sagt si meining om nasjonale saker, seier nestleiar i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Vetle Wang Soleim.
Et slikt nasjonalt organ har vore etterlyst av fleire fylkesorganer uten at dette er blitt realisert. Blant anna har Ungdomspanelet i Møre og Romsdal jobba tett med Ungdommens fylkesutval i Sør-Trøndelag med å få etablert eit nasjonalt ungdomspanel. Fleire andre land har allereie eit nasjonalt organ for medverknad. Her ligger Norge langt bak.
Det er Barneombudet og Barne- og ungdomsrådet i Oslo (BURO) som står som arrangør.
Ein rettigheit å få seie si meining
Å si sin meining og bli høyrt er ein rett som blant annet er foranka i FNs konvensjon for barns rettigheiter.
- I tillegg til å få gjennomslag for ungdommenes eigne saker, er målet å vise myndigheitene korleis dei kan leggje til rette for barn og unges medverknad på eit nasjonalt nivå, seier barneombud Reidar Hjermann.
Åpent for innspel
På nasjonalforsamlinga vil det møte 2 representanter fra kvart ungdommens fylkesting eller medvirkningsorgan på fylkesnivå. Frå Møre og Romsdal og Ungdomspanelet reiser Janne Katrin Hansen Sævik fra Herøy og Vetle Wang Soleim fra Smøla.
Alle unge inviteres til å gje sine innspel til Ungdommens nasjonalforsamling via ei eiga nettside og facebook-gruppe i forkant av samlinga.
Les meir på www.barneombudet.no/nasjonalforsamling og Ungdommens Nasjonalforsamling på Facebook
For mer informasjon kontakt:
koordinator for Ungdomspanelet, Anne Berit Svenkerud Halle
absh@mrfylke.no
mob 98413003
Kommentarar (0)