Måndag kjem ei tsjekkisk gruppe på besøk til Molde vidaregåande skole. Målet med turen er mellom anna å lære om norske skoleval.
Gruppa består av Milan Nemec, fylkesstyremedlem med ansvar for utdanning og sport i Stredocesky fylke, journalist Adam Sura og Karel Strachota frå organisasjonen People in Need. Dei tre er spesielt interessert i den norske ordninga med skoleval, og skal følgje valet ved Molde vidaregåande skole frå 09-11 på måndag. Deretter er dei tre invitert til eit program på fylkeshuset.
People in Need gjennomførte det fyrste skolevalet i forkant av det førre tsjekkiske parlamentsvalet i 2010. Prosjektet vart gjennomført i rundt 150 skoler (om lag 10% av alle dei vidaregående skolane i Tsjekkia). Prosjektet hadde formell, men ikkje finansiell støtte av utdanningsdepartementet. Skolevala vart sett på som ein suksess då mange elever deltok, men forsøket førte også til kraftig debatt fordi det vart hevda at vala ga ein fordel til enkelte politiske parti i skolen.
Kommentarar (0)