sorterings ikon
artikkel ikon

Nytt

Superbillige festivalbillettar til ungdom

anna tokle amundsen
Skrive av anna tokle amundsen
15. mai 2009, kl. 09.40

Ungdom i Møre og Romsdal mellom 15 – 20 år får også i år eit pakketilbod på Moldejazz. For 300 kroner får ungdom to store utekonsertar under jazzfestivalen i Molde i sommar. Tilbodet er knytt til ordninga med "Kulturrabatt for ungdom"

For ein særs billig penge får ungdom i fylket dermed høve til å høyre og sjå Timbuktu, Madcon, Raphael Saadiq og Jamie Cullum.

Møre og Romsdal fylke ved Kulturavdelinga og Ung i Møre og Romsdal er stolte av å kunne tilby ungdom i fylket denne "museumspakka" som ei ekstrasatsing i prosjektet "Kulturrabatt for ungdom". Det er andre året at Møre og Romsdal fylke inngår ein slik avtale om 50% Kulturrabatt md Moldejazz.
Å tilby ungdom spesiell god kulturrabatt på enkeltarrangement er ei bevisst satsing frå Møre og Romsdal fylke.

Ungdom som vil nytte seg av tilbodet kan bestille på vanleg måte over Billettservice, og må vise fram godkjent legitimasjon ved inngang.

Frå før har Møre og Romsdal fylke i år inngått avtale om 50% rabatt for ungdom under Nordic Light i Kristiansund og Jugendfesten i Ålesund.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 6
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord