9.klassingane i Sunndal er foregangselevar: Dei har laga dokumentarfilm om nærmiljøet. Fleire ungdomsskolar kan gjennom Kultursekken få prøve seg med film.
Filmprosjektet "Et annerledes Sunndal" er eit samarbeidsprosjekt mellom Kultursekken i Møre og Romsdal fylke, Sunndal ungdomsskole og filmskapar Robert Hansen.
Alle dei 107 9. klassingane ved Sunndal ungdomsskole har delteke i produksjonen av tilsaman 16 korte dokumentarfilmar som er sett saman til ein heilaftens dokumentarfilm. Filmen viser ulike sider ved Sunndal kommune som ungdommane utforskar, og prosjektet handlar om å sjå med nye auge på heimstaden sin og oppdage miljø og hendingar som ein kanskje ikkje kjente så godt til frå før.
Prosjektet er eit pilotprosjekt i Kultursekken i Møre og Romsdal som fleire ungdomsskolar i fylket skal få nyte godt av framover.
Kultursekken ynskjer å satse på utvikling av nye tilbod innan film som uttrykksform og dette prosjektet er ein del av denne satsinga.
Kommentarar (0)