sorterings ikon
artikkel ikon

Nytt

Høyring om skjerpa krav til fråversføring!

Utdanningsdirektoratet sender no ut ei høyring for endringar i forskrift til opplæringslova § § 3-41 og 3-47. I følgje desse skal alt fråver førast på vitnemålet. I dag kan inntil 14 skoledagar per år unntakast å førast etter gitte kriterie. Ein foreslår at for andre årsakar enn helse- og velferdsgrunnar skal alt fråver inntil 10 dagar per skoleår unntakast frå føring på vitnemålet.

Krava til dokumentasjon bør skjerpast. Det vil berre vere legeerklæring som vil vere gyldig dokumentasjon pga helse- og velferdsgrunnar. Kun dokumentert fråver ut frå helse- og velferdsgrunnar i vidaregåande opplæring på meir enn 3 dagar blir unnteke frå fråversføring. Endringane skal gjelde frå 1.august 2010.

Dette er nytt forslag til forskrift til Opplæringslova:

§ 3-47. Føring av fråvær i vidaregåande opplæring
Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar.

Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:
a) helse- og velferdsgrunnar
b) arbeid som tillitsvald
c) politisk arbeid
d) hjelpearbeid
e) lovpålagt oppmøte
f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helse- og velferdsgrunnar må vare meir enn tre dagar og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet.

Les meir om dette på: http://www.udir.no/Artikler/_Hoeringer/Hoering-om-foring-av-fravar-pa-vitnemalet-og-krav-til-forstegangsvitnemal/

Høyringsfrist

Har du meiningar om dette? Send di meining til Elevorganisasjonen (EO) eller til Møre og Romsdal fylkeskommune som er høyringsinstansar!

Frist for høyringa er: 21.mai 2010.

foto fra Kunnskapsdepartementet sine nettsider
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: -6
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord