På problemstillinga: Ein smak av Møre og Romsdal - er svaret KLIPPFISKPIZZA!
Gründercamp v/ Ørskog vidaregåande skule
Ørskog vidaregåande skule arrangerte gründercamp 11.-12. september 2008. Alle elevane ved vg2 restaurant- og matfag konkurrerte i ulike kategoriar; beste logo, brosjyre, stand, scenepresentasjon og seljar. Hovudpremien vart delt ut til beste bedrift.
Problemstillinga var: ”EIN SMAK AV MØRE OG ROMSDAL - lag eit matprodukt som synleggjer lokale råvarer og som er lettomsetteleg.”
I juryen sat personar frå næringslivet, tidlegare elevar og læarar frå skulen.
Konkurransen var tett og hard. Elevane hadde fått mykje ut av dei to dagane gründercampen pågjekk. Dei syntest det var kjekt og lærerikt. Ikkje minst lærte dei mykje om samarbeid.
Hovudpremien gjekk til UB Matmuligheter. Dette er ei ”bedrift som skal dekkje behovet for ein trendy vri på lokale råvarer gjennom ein pizza laga av lokale råvarer med klippfisk som utgangspunkt og ost frå Tingvoll.”
Kommentarar (0)