Bli med på årets gå/sykle til skolen konkurranse. Her blir alle vinnarar i form av ein god start på dagen. I tillegg vinn den beste klassa kr 10.000!
Da er årets gå og sykle til skolen konkurranse avslutta.
Du og klassen din kan framleis vere med i trekninga av premiane. Beste klasse premierast med kr 10.000. I tillegg vert det fine premiar til beste elev og tilfeldige deltakarar i konkurransen.
Freist for å sende inn skjemaet er onsdag 17. november.
Slik går du fram for å delta i konkurransen:
1.Skriv ut registreringslista i A3.
2.Skriv inn namn på skole, klasse og kontaktperson med telefonnummer
3.Fyll inn namn på alle i klassa.
4. Heng lista opp i klasserommet.
5. Registrer på skjemaet kor mange minutt gått eller sykla til skolen. NB! Det er lov å gå omvegar/gå av bussen eit stopp for tidleg på veg til skolen.
6. Når konkurranseperioden er over, reknar ein ut summen for kvar elev og samla sum for klassa.
7. Skjemaet skal signerast av kontaktlærar og tillitsvalde i klassen.
8. Skjemaet skal sendast til Møre og Romsdal Fylkeskommune, Kulturavdelinga v/Petter Jenset, 6404 Molde.
9. Det blir premier i fire kategoriar:
Skjema for registering finn du her:
Registreringsskjema.pdf 56,38 kB
Har du spørsmål; ta kontakt med rådgivar Petter E. Jenset ved kulturavdelinga,
Møre og Romsdal fylkeskommune tlf: 71 25 88 43
Kommentarar (0)