Er du sint fordi dei eldre har dominert valkampen? Lurer du på kva partia meiner om dine hjertesaker? Er du usikker på kva du skal stemme ved valet eller skolevalet i haust?
Då er Demokrati 0.9 her på UngWeb staden å gå. Med verktøyet ”Politikarane svarar” kan du stille spørsmål til politikarane. Du vel kva parti du vil spørre og skriv inn spørsmålet ditt. Så blir spørsmålet sendt til ein representant for partiet og spørsmål og svar blir samla på ei side der du og alle andre kan sjå kva spørsmål som opptek ungdom i Møre og Romsdal og kva svar politikarane har til dei. Så ikkje ver sjenert – spør ein politikar om noko du brenn for. Og dersom du lurer på kva du skal stemme, er dette ei flott moglegheit til å finne ut kva parti som passar for deg.
Kommentarar (0)