Ungdomspanelet i Møre og Romsdal delar ut årleg 250.000.- til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Her kan du lese meir og laste ned søknadsskjema. Fristane er 1. april og 1. desember kvart år.
Held du på meg noko spennande som du treng litt økonomisk støtte til? Kanskje Ungdomsmidlane kan vere aktuelt.
Tilskotet blir gjeve til prosjekt som stimulerar til ungdomsengasjement og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylke.
Kvart år delar Ungdomspanelet ut kr 250.000.- til ei rekke ungdomsaktivitetar i fylke. Ungdomspanelet legg vekt på variasjon og mangfold i tildelinga. Her er nokre dømer på tiltak som har fått støtte dei siste åra:
- Innkjøp til bålplass for 4H
- Sofa i ungdomsklubben
- rusfrie arrangement
- seminar om ungdom og miljø
- foredragsholdere
- innkjøp av utstyr til trailklubb
- støtte til oppsetting av ballett
- musikkutstyr
- fotballdrakter
- støtte til russerevy
- digitalkamera
- metalfestival
- LAN-party
- integreringstiltak
- ungdomsmøte
- mobbekurs
- skibuss
- Elevarrangemenet
Husk:
- Skriv ein kortfatta og enkel søknad. Ungdomspanelet handsamar om lag 60 søknader kvar gong. Søknader med mange beskrivande sider er ikkje nødvendig.
- Husk å legge ved ein økonomisk oversikt (budsjett) slik at Ungdomspanelet ser korleis midlane er tenkt brukt.
- Søk konkret. Søk på konkret utstyr og/eller reelle utgifter. Ungdomspanelet støttar ikkje generelle driftsutgifter.
- Søknaden kan sendast elektronisk.
24 mars, 2010
14.38
24 mars, 2010
10.57