Då er det endeleg bestemt, Ungdommens fylkesting (UFT) 2010 skal i år arrangerast i Kristiansund på Quality Hotel Grand frå den 5. - 7. november.
I fjor blei UFT lagt til Ulsteinvik og i år er det nordmøre sin tur. Ungdomspanelet er alt i gang med arbeidet med saker og program for denne viktige helga.To ungdommar frå kvar kommune i fylket kjem denne helga til Kristiansund for å diskutere og gjere vedtak i viktige saker for ungdom i fylket.
Har du innspel til saker som du ønskjer at ein skal ta opp? Legg inn som kommentar her eller send til send ei melding til nettsjef@ungweb.no
Kommentarar (0)