sorterings ikon
artikkel ikon

Du bestemmer

UFT 11-08 Handlingsprogram for Ungdomspanelet

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
19. okt 2008, kl. 13.24

Kva skal Ungdomspanelet jobbe med neste periode?

Bakgrunn

Ungdommens fylkesting skal handsame og vedta kva Ungdomspanelet skal arbeide med, fokusere på og jobbe mot den neste perioden. For å gjere det mest mogleg oversiktleg vert dette samla i eitt dokument; handlingsprogrammet.
UFT står fritt til å bestemme kva saker Ungdomspanelet skal jobbe med i perioden 2008/2009. UFT kan vedta mange ulike saker, eller vedta at Ungdomspanelet skal jobbe med berre nokre få. Færre saker i handlingsprogrammet vil gje ekstra fokus og tid til sakene, medan fleire saker vil føre til mindre tid, men breiare fokus.

 

Vurdering

Ungdomspanelet meinar at handlingsprogrammet slik det var førre periode, vart for breitt og omfangsrikt. Handlingsprogrammet som vart vedteke sist UFT inneheldt svært mange konkrete saker og mål, og det vart vanskeleg for Ungdomspanelet å følgje opp alle så godt som UFT ville, då ein fekk for lite tid. Nokre slike saker er bra å ha, slik at ein har noko heilt konkret å jobbe mot og vise til, men vert det for mykje kan ein risikere at Ungdomspanelet ikkje får følgt opp handlingsprogrammet skikkelig.

 

I fjor vedtok UFT følgjande handlingsprogram:

LOKALE UNGDOMSRÅD

  • Ungdomspanelet skal jobbe vidare for at alle kommunar i fylke skal ha fungerande ungdomsråd. I tillegg skal ungdomspanelet stimulere til at kommunane har gode rutinar for val av ungdomsråd, opplæring og oppfølging.. Samarbeidserklæringa vedteke på UFT-2007 skal ligge til grunn for arbeidet lokalt.

UNGWEB.NO

  • Ungdomspanelet skal jobbe for at UNGweb blir ein god nettportal og møteplass for unge i Møre og Romsdal. I samarbeid med spesielt ungdomsråd skal ein vere med å auke fokus på reel medverknad.

OPPFØLGING AV VEDTAK FRÅ UFT-2007

  • Ungdomspanelet skal følgje opp vedtak gjort på UFT-2007 om ungdom og miljø, kollektivtransport for unge og budsjettprioriteringar

KULTURKORTET

  • Følgje opp innføringa av kulturkortet.

ANDRE SAKER:

  • Ungdomspanelet skal jobbe for å innføre undervisningsevaluering ved ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i fylket.
  • Ungdomspanelet skal i samarbeid med fylket evaluere pc-ordninga.
  • Arbeide for å dekke tap av ikkje solgte bøker for elevar på siste trinnet på vgs før kunnskapsløftet.
  • Fordele ungdomsmidlane til ungdomstiltak.
  • Ungdomspanelet skal i løpet av perioden arrangere eit ungdomsrådsseminar.
  • Jobbe for å få lovpålagte ungdomsråd i alle kommunar i Møre og Romsdal.
  • Ungdomspanelet skal jobbe for å motivere ungdomsråd til å jobbe for utbetring av tilbodet med Helsestasjon for Ungdom. De bør også jobbe med å opprette tilbodet der det ønskes.

Ungdomspanelet foreslår følgjande handlingsprogram for 2009

Lokale ungdomsråd

Bilde av wageslaves (Flickr)

  • Ungdomspanelet skal jobbe vidare for at alle kommunar i fylket skal ha eit aktivt og fungerande ungdomsråd. I tillegg bør kommunane ha gode rutinar for val, opplæring og oppfølging.
  • Samarbeidserklæringa vedteken på UFT 2007 skal ligge til grunn for arbeidet.

Oppfølging av vedtak frå UFT 2008

  • Ungdomspanelet skal følgje opp vedtaka gjort på UFT 2008 om xxx, xxx, xxx og xxxx

Nettstaden UNGweb

  • Ungdomspanelet skal jobbe for å gjere nettstaden www.UNGweb.no til ein god møteplass og nettportal for unge i Møre og Romsdal.
  • Ungdomspanelet skal sjølve vere aktive brukarar, og syne moglegheitene for reell medverknad i fylket gjennom forumaktivitet og relevante artiklar.

Elevorganisasjonen og Elev- og lærlingombodet

  • Ungdomspanelet skal halde fram med å ha eit godt samarbeid med Elev- og lærlingombodet i fylket, som er ein viktig medspelar og ressurs, spesielt i Utdanningsutvalet og opp mot utdanningsavdelinga.
  • Ungdomspanelet skal betre samarbeidet med Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal, delta på elevforsamlingane, og samarbeide i saker der det er naturleg.

Andre saker:

  • Ungdomspanelet skal arbeide for eit billegare ungdomskort.

Forslag til vedtak

Ungdommens fylkesting vedtar handlingsprogram for Ungdomspanelet 2008-2009 med eventuelle endringar.

bilde av karstenkneese (Flickr)
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord