Eg heiter Ingrid Opedal, og er 2. kandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal SV.
Eg er 54 år, bur i Volda på Sunnmøre, og jobbar som tunvert i Ivar Aasen-tunet. Eg driv med politikk fordi eg syns det er kjekt og viktig. Kjekt fordi eg treffer andre som er interessert i det same som meg, og fordi eg lærer noko nytt heile tida. Viktig fordi eg har tru på politisk styring av samfunnet dersom me skal nå måla våre. Både klimakrisa og finanskrisa viser etter mitt syn at eit økonomisk system som satsar på at dei frie marknadskreftene skal løyse alle utfordringar, har spelt falitt. Kloden vår ropar om hjelp, og me må vere villige til å ta tøffe avgjerder på vegne av borna og barneborna våre. For meg og SV er hovedmåla