FOTOKONKURRANSE!
Anne Berit Svenkerud Halle 14.10.2011Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune inviterar til fotokonkurranse for ungdom.
Temaet er "Ung i trafikken". Korleis er det å ta bussen til skulen? Eller å sykle på trening der du bur? Kva bilar kjører unge i dag?
Ver kreativ og knips eit bilete av korleis det er å vere ung i trafikken! Fristen er allereie 31. oktober og vinnaren blir kåra på Samferdselskonferansen i Ålesund 10. - og 11. november, der vil og finalebileta blir utstilt. Du kan vinne flotte premiar - 1. - premien er eit digitalt speilreflekskamera, og dei beste bileta blir kjøpt inn av fylkeskommunen.
Les meir