Hopp til hovedinnhald

PC-ordninga

Til alle søkjarar til vg1

Velkomen som elev ved vidaregåande skule i Møre og Romsdal fylkeskommune. I denne brosjyra orienterer vi om PC-ordninga som gjeld for elevar i våre vidaregåande skular.

 

PC-ordninga

Skulen har ansvar for å halde elevar i vidaregåande opplæring med nødvendige trykte og digitale læremiddel. Elevane som skal starte på vg1 ved skulane eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune har 2 alternativ:

 

Alternativ 1: Kjøpe eigen PC

  • Du bør minst ha ei datamaskin som støttar krava som gjeld for modellen til fylkes-PC-en. Krava finn du nederst i denne artikkelen.
  • Du må ha ei datamaskin som er klar til bruk til skulestart.
  • Du får «PC-stipend» frå fylkeskommunen på 2500,-. Utbetalinga er i november.
  • Du kan søkja om utstyrsstipen frå Lånekassen (www.lanekassen.no )
  • Du må sjølv halde deg med service, vedlikehald og eventuell forsikring. Vi tilrår at du har ei serviceavtale som dekkjer lånemaskin, slik at du heile tida har tilgang til datamaskin.
  • NB! Har du fått stipend eller PC tidlegare kan du ikkje søkje på nytt.

Alternativ 2: Leige PC av fylkeskommune

  • Du kan få PC frå fylkeskommune.
  • Du må søkje PC innan fristen www.ungweb.no
  • Skulen leverer ut PC-en ved skulestart.
  • Du må betale eit beløp tilsvarande utstyrsstipendet frå Statens lånekasse per år i 3 år. Du får faktura cirka 15.november.
  • Du kan søkje om utstyrsstipend frå Lånekassen (www.lanekassen.no ).
  • Du får service, vedlikehald og forsikring i 3 år.
  • Du beheld PC-en når innbetalingane er gjort.
  • NB! Har du fått stipend eller PC tidlegare kan du ikkje søkje på nytt.

Informasjon om den modellen som er valgt som fylkes-PC: 

Fylkes-PC 2016: Lenovo ThinkPad T460

Operativsystem Windows 10 Home 64 Nordics
CPU Intel Core i3-6100U Processor (3MB cache, 2.30GHz)
Minne 4GB PC3-12800 DDR3L SDRAM 1600MHz SODIMM
Disk 128GB Solid State Drive, SATA3
Nettverkskort 1 Gbit/s
Tradløst Intel Dual Band Wireless-AC(2x2) 8260, Bluetooth Version 4.1
USB porter 3 x USB 3.0
Kortleser 4 i 1 leser
Kamera 720p HD Camera
Skjerm 14.0" HD (1366 x 768), Anti-Glare
Strømadapter 45W AC adapter
Batteri 2 stk 3 celler, totalt 46,4 Whr
Tastatur Norsk
Pekeplate 3 + 2 knapper ThinkPad
Størrelse/vekt 339 x 232.5 x 21 mm , 1.81 kg
Garanti 3 år
Forsikring Ja

Forsikringsordning

Vel du alternativ 2 følgjer ei service- og forsikringsordning som gir fri service og forsikring dersom uhellet er ute. For eksempel dekkjer forsikringa bytte av skjerm dersom denne vert knust. Forsikringa dekkjer også bytte av harddisk dersom denne vert øydelagt. Forsikringa dekkjer ikkje tap av maskina (for eksempel tjuveri).

Betaling

Dersom du tek i mot PC frå fylkeskommunen må du betale eit årleg beløp i 3 år. Beløpet vil kvart år vere det same som utstyrsstipendet frå Statens lånekasse (lågaste sats). Du finn informasjon om beløpet på heimesidene til Lånekassen. Etter 3 år eig du PC-en. Dersom du sluttar som elev tidlegare, kan du overta den mot å betale eit mellomlegg som svarar til dei innbetalingane som står att.

Spesielle krav

For både alternativ 1 og 2 må du sjekke om det utdanningsprogrammet du har søkt på har særskilte krav til datamaskina (for eksempel Media og Kommunikasjon).

NB! Det er viktig at du tek kontakt med skulen du skal gå på for å få meir informasjon om dette er aktuelt for deg.

Bestillingsfrist

Fristen for bestilling av fylkes-PC er 20.6.2016

Du legg inn bestillinga di her. 

PC-avtale

Alle må levere inn ein signert avtale ved skulestart.

PC-avtale for skuleåret 2016/17 finn du her:

Spørsmål?

Ta kontakt med den skulen du skal starte på eller med Adcom:

Telefon: 71250640

E-post: molde@adcom.no

Kontaktpersonar

Møre og Romsdal fylkeskommune Utdanningsavdelinga Send e-post
Melvin Tornes
Leiar økonomistab utdanningsavdelinga
Send e-post

Dokument

PC ordninga 2016 brosjyre 4 s A4 HR
PDF-dokument - 5,57 MB