Nytt
Høyringsuttale angåande skjerpa fråversføring
19. april 2010, kl. 19.50
Utdanningsdirektoratet sender no ut ei høyring for endringar i forskrift til opplæringslova §§ 3-41 og 3-47. Dette er reglar som gjeng på fråversføringa, og som har vekka sterke reaksjoner blant engasjerte ungdomar. Ungdomspanelet har no kommet med sin uttale, som du kan lese her. Kom gjerne med ditt synspunkt!
Ungdomspanelet i Møre og Romsdal tykkjer at det er bra at det blir teke tak i eit så alvorleg problem og viktig tema som fråfallet i dei vidaregåande skulane. Det er eit faktum at alt for mange elevar ikkje fullfører den vidaregåande opplæringa. Det er viktig at vi saman lagar eit forslag til korleis dette kan løysast på best mogleg måte.
Ungdomspanelet meiner at det er betre å skjerpe inn på dokumentasjonskrava til fråversføringa, i staden for å senkje antallet fråversdagar frå 14 til 10. Det er ikkje berre helse- og velferdsfråver som blir råka av desse endringane. Til dømes går også arbeid som tillitsvald, politisk arbeid eller hjelpearbeid inn under desse dagane. Det kunne kanskje vore ein idé å skilje mellom helse- og velferdsgrunnar og annet ulikt fråver, som er skildra i forskrift til Opplæringslova § 3-47, på vitnemålet.
Dei elevane som er politisk aktive, til dømes i ungdomsråd eller ungdomspanel, vil også falle under endringane som Utdanningsdirektoratet foreslår. Vi meiner at det er feil at politisk aktive ungdomar skal få fire dagar mindre til å vere engasjerte på. Dette vil ikkje hjelpe til å stimulere at ungdomar blir politisk aktive, då dette faktisk gjev dei mindre moglegheit og tid til dette arbeidet.
Mange ungdomar som er borte frå skulen grunna politisk arbeid, er ofte flinke til å ta igjen arbeidet og tapt undervisning, og få av dei er i risikogruppa for fråfall frå skulen. Desse ungdomane lærer også mykje av den tida dei brukar på sitt engasjement, som er viktig i skuledagen og seinare i livet.
Ungdomspanelet meiner at ein må ha eit samarbeid mellom Elevorganisasjonen, fylkene, dei statlege utdanningsmyndigheitene og andre for å saman betre fråfallsstatistikken. Ungdomspanelet ynskjer å få jobbe med denne saka saman med dei nevnte organa.
Ungdomspanelet i Møre og Romsdal
Ida Andrine Heggset, leiar


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)