Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Vinn eit Nikon D80 kamera

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
10. nov 2008, kl. 15.31

Møre og Romsdal fylke inviterer til fotokonkurranse for studentar og elevar i vidaregåande skole i fylket.

Vi jaktar på kreative og spennande foto som skal nyttast i den nye Fylkesplanen for Møre og Romsdal (2009-2012).

 

Fylkesplanen har visjonen ”Vi vågar litt meir”, og dette ønskjer vi å spegle gjennom kreative og spennande bilete. Fylkesplanen har tre hovudsatsingsområde som skal visualisere visjonen. Bileta vi er ute etter, må kunne spegle minst eitt, eller ein kombinasjon av områda:

  • Kultur
  • Kompetanse
  • Verdiskaping

 

Det er sett ned ein jury som skal vurdere bileta, og dei sju beste bileta vert premiert.

 

Premiane er:

  • Hovudpremie : Nikon D80 kamera (verdi kr. 6000,- )
  • 2.- 4. plass: : kr. 2000,-
  • 5.– 7. plass : kr. 1000,-

 

I tillegg til premiering av dei beste bileta, vil Møre og Romsdal fylke ha rett til å kunne kjøpe bilete som ikkje når topplassering i konkurransen for kr. 500,- pr. stk.

 

Bileta må vere av høgoppløyselege og gje god trykkekvalitet. Dei skal lastast opp på www.mrfylke.no/foto. Sjå rettleiing for opplasting inne på nettsida.

 

Frist for innsending av bilete er fredag 28. november 2008. Vinnarane vert kunngjort på Møre og Romsdal fylke si nettside fredag 5. desember.

 

Vær kreativ – og bli med å skape framtida i Møre og Romsdal.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 5
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Sindre Holberg
Sindre Holberg
11 november, 2008
18.17
Synd at dette ikke gjelder for ungdomsskolen også da men..
Uannsett; bra tiltak!
tagcloud ikon

Populære emneord