Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Vil heim til kommunar med ungdomsråd

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
15. juli 2008, kl. 13.01

Kommunar med ungdomsråd er favorittar som flest unge ønskjer å flytte tilbake til, viser ei stor undersøking. Utdanning, arbeid og familie er avgjerande kriterium for tilbakeflytting.

Spørjeundersøkinga vart gjennomført av Møreforsking i Volda på oppdrag frå prosjektet UNG i Møre og Romsdal. 1530 elevar på 2. og 3. trinn i vidaregåande skular i fylket har blitt spurd.

I kommunar med ungdomsråd seier 32 prosent av dei spurde at det er svært sannsynleg at dei vert buande på heimplassen om 10 -15 år. I kommunar utan ungdomsråd er det berre 24 prosent av dei spurde som seier det same. Ifølgje rapporten er det ikkje klårt kva som er årsakene til denne samanhengen, men at det kan tenkast at slike moglegheiter til å lære meir om lokale utfordringar gjer at ungdom blir meir knytte til heimplassen. Likevel er det interessant at veldig mange av dei spurde elevane ikkje veit om deira kommune har eit ungdomsråd eller ikkje. Ungdomsråda har dermed truleg stort potensiale. - Resultatet av spørjeundersøkinga gjev UNG ein peikepinn om at dei satsingane vi har sett i verk er riktige, heiter det i ei pressemelding frå UNG i Møre og Romsdal. Prosjektet vart starta med mål om å synleggjere moglegheiter for ungdom i Møre og Romsdal, skape trivsel og å bidra til at ungdom skal bli i fylket. Undersøkinga frå Møreforsking søkjer å kartlegge kva faktorar ungdom ser på som viktige for å bli i fylket. Viktigast er tilgjenge til utdanningsrelevant arbeid, godt betalte jobbar og nærleik til heimplass med vener og familie. Spriket mellom gutar og jenter er stort med tanke på kven som ønskjer seg ut av fylket. Blant jentene har 75 prosent bestemt seg for at dei skal flytte ut etter vidaregåande, medan blant gutane har 54 prosent bestemt seg for det same. Dette kan sjåast i samanheng med lite kunnskap blant elevane om kva moglegheiter for høgare utdanning som finns i fylket. På spørsmål om ein kan tenkje seg å bu i Møre og Romsdal om 10-15 år er svara meir oppløftande.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord