Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Vend om! Beste blog i 2007

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
17. jan 2008, kl. 08.01

29 bloginnlegg frå 2007 er lese, vurdert og diskutert. Eitt innlegg peikte seg ut : "Vend om!"

Juryen har lese seg gjennom mange gode bloginnlegg på UNGwb. Det er stor variasjon i tema. At det er kort, poengtert, morosamt skrive og med ein god snert gjer innlegget til Ole Håvik Bjørkedal verdig ein iPod nano.

Ole har som mange andre ungdomar sterke meiningar om språk. Han har reagert på at ein kan skrive ”skole” på nynorsk. Dette målbring han på ein måte som gjev lesaren eit smil om munnen og ein ny refleksjon rundt bruken av språk.

UNGweb gratulerar vinnaren og ønskjer han lukke til vidare i kampen om det gode språk.

 

Vend om!

Ole Havik Bjorkedal, 05.12.2007

Eg er sint. Eg er sur, eg er irritert, eg er djupt råka og vonbroten, eg er rett og slett djupt og inderleg forbanna. Og då meinar eg ikkje "No har maskina mi kollidert igjen, kvifor i grønaste skal ikkje driten fungere"-forbanna, heller ikkje "Nokon har lagt ein mjølkekartong i skapet mitt på fredag, sånn at alt luktar eselanal idag"-forbanna. Eg er "No står det for pokker "Skole" i den nynorske samfunnsfagboka mi"-forbanna. For det gjer det. Det står "Skole" i samfunnsfagboka mi. Den som er på "nynorsk". Eg trudde først dette dreia seg om ei trykklefse, så eg slo det opp. Det var ikkje ein tyrkfell. No har du lov å skrive "Skole" med O i midten, istadenfor "Skule" som det skal vere. Eg er så eitrandes forbanna eg kunne skrive eit blogginnlegg om det! Og det er vel strengt tatt det eg gjer.

Midt opp i dette våset om klammeformer og tilnærmingspolitikk står Noregs Språkråd og beklagar seg over at nynorsken misser brukarar, og moglegvis kjem til å døy ut snart. Er det rart Landsmålet går ad Dombås, når ein heile tida kvelar det med å tillate brukararane å skrive meir og meir likt dansk? Er ikkje det eit teikn på at ein eigentleg har gitt litt opp? Dersom ein verkeleg hadde trua på nynorsken hadde ein nekta blankt eit kvart forsøk på danskforsøpling i tilnærmingsformer, men haldt fast på sitt. Eg seier ikkje at ein ikkje skal fornye seg, eit språk må gjere det uansett. Men ein må fornye seg i rett retning. Det neste vert vel at vi kan skrive "jeg" på nynorsk eksamen. Eg får frysningar berre når eg tenkjer på det.

Måtte krafta vere med dykk!

 

Gå hit for å kommentere innlegget.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Adrian Skjåstad Vassbotn
Adrian Skjåstad Vassbotn
17 januar, 2008
10.12
Då må eg gratulere, soppen (ole) sit ca ein halv meter bak meg. Eg vil takke meg sjølv litt, for det var eg som drog han inn hit :P
Vi begge tok eit slag for nynorsken i dag, og skreiv "unaudsynt", der majoriteten skreiv "unødvendig".
Slepp nynorsken til!
tagcloud ikon

Populære emneord