Nytt
Velkommen og gratulerer med nye nettsider
07. nov 2007, kl. 12.01
Etter mykje arbeid er den nye nettportalen for ungdom i Møre og Romsdal oppe og går.
UNGweb skal vere ein naturlig samlingsplass for ungdom i fylket. Her skal ein kunne finne relevant lokal informasjon om alt frå kultur, skule, kollektivtrafikk, organisasjonar, ungdomspolitikk og miljø.
På UNGweb skal du kunne finne venner, nye venner, informasjon du er på jakt etter, informasjon du ikkje trudde du trengte.
I tillegg skal UNGweb vere ein plass du blir lytta til. Gjennom forskjellige kanalar kan du ytre deg om det meste og det du skriv blir lese av andre ungdommar, ungdomspolitikarar og vaksne politikarar. Bruk diskusjonsforumet, bloggen, kommentere artiklar eller berre skriv ei helsing på tavla.
Ver med å gjer heimplassen din og Møre og Romsdal endå betre. Sett spor, påverk og gjer ein forskjell.
UNGweb vil stadig vere i utvikling. Med bakgrunn i ris og ros frå dere, brukarane, vil vi utvikle desse nettsidene til å bli endå betre. Hjelp oss.
Vi håpar UNGweb blir ei naturlig nettside for deg!
Med vennleg helsing
Fredric Bjørdal, leiar av Ungdomspanelet.


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)