Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Uttale frå Ungdomspanelet om kollektivtransport

Anne Berit Svenkerud Halle
Skrive av Anne Berit Svenkerud Halle
14. des 2011, kl. 14.21

Under møtet i Ungdomspanelet i Geiranger den 13.desember vedtok UP ei høyringsuttale vedrørande behov for betre busstilbud mellom byane i Midt Noreg og behovet for å få meir tungtranport bort fra veg og over på tog og båt. I tillegg til kor viktig det er for fylket vårt at ei framtidig hurtigtogbane blir lagt til Gudbrandsdalen.

Uttale frå ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Ungdomen i Møre og Romsdal reiser mykje og ofte, og er avhengige av eit godt kollektivtilbod. Særleg går mange av reisene til dei store byane, der universiteta ligg. Fylket vårt har sterk tilknyting til Midt-Norge gjennom felles regional transportplan, helseregion og regionalt forskningsfond. Det maritime miljøet i Møre og Romsdal vender seg mot NTNU-miljøet, og NTNU vender seg mot det Nasjonale Vindenergisenteret på Smøla. Om dette tette samarbeidet skal kunne utvikle seg vidare er vi avhengige av god kommunikasjon. Timeekspressen er eit velfungerande busstilbod som knytar saman byane i Møre og Romsdal, tilsvarande Intercity-tilbodet som er i ferd med å bli bygd opp på Austlandet. Ungdomspanelet har tidlegare skrive høyringsuttale om at vi ønskjer at timeekspressen skal utvidast til Namsos, slik at vår høgfrekvente "intercity"-rute kan dekkje byane i Møre og Romsdal og begge Trøndelagfylka. Dette vil knyte saman ein større region, og bidra til å styrke kollektivtransporten i heile området. Til no har Møre og Romsdal fylkeskommune dekt alle utgifter til Timeekspressen. Om det blir eit regionalt tilbod vonar vi at både Trøndelagsfylka og staten vil bidra økonomisk til drifta av ei høgfrekvent bussrute.

Møre og Romsdal er eit fylke med stor verdiskaping og eksport. Mykje av godstransporten går på hjul, noko som skapar forureining, slitasje på vegane og trafikkfare. Det er gjort vedtak i mange ulike internasjonale, nasjonale og regionale planar om at meir av transporten skal over frå veg til båt og bane. Men for å få til dette må vi få til ei skikkeleg satsing på havner og jernbane i dei områda der verdiskapinga skjer, ikkje berre der forbrukerne bur. I dag skjer det ei gradvis nedbygging av Raumabanen, og denne jernbanestrekninga er ikkje nevnt i " Rapport frå arbeidsgruppe om vidare utvikling av norsk jernbane" som nyleg vart lagt ut til høyring frå samferdsledepartementet. Om staten vil følgje opp måla om å få meir gods over på bane, er Møre og Romsdal ein god stad å byrje.

Jernbaneverket har utarbeid ein rapport om lyntog i Noreg, men heile vestlandet mellom Bergen og Trondheim ser ut til å være eit blankt felt på kartet deira. Det bur folk i dette området også, og vi er mellom dei områda i landet som har størst eksport. Norsk Bane har i samarbeid med Deutsche Bahn greia ut moglegheitene for å byggje lyntog frå Dombås til Ålesund, og har kome fram til at ikkje berre er det samfunnsøkonomisk lønsamt, men det vil støtte opp om kundegrunnlaget for lyntoget mellom Trondheim og Oslo. Vi kan forstå om Møre og Romsdal ikkje blir sett øvst på lista den første lyntogutbygginga, men vi kan ikkje akseptere at lyntogtraseen mellom Oslo og Trondheim blir lagt til Østerdalen. Av historiske årsaker er vi ikkje noko stort togfylke i dag, men det treng ikkje vere slik for all framtid. Om traseen blir lagt til Gudbrandsdalen blir det mogleg å koble oss på i framtida. Store delar av Møre og Romsdal vil vere innanfor rimeleg reiseavstand til stasjonar som Oppdal, Dombås og Otta, og kan dermed bidra til auka passasjertal og lønsemd for ei jernbanestrekning i Gudbrandsdalen.

For ungdomspanelet 13.12.11.

Leiar: Janne Katrin Hansen Sævik

Nestleiar: Daniel Haavardsen-Bråttvik

Janne Katrin Hansen Sævik, leiar, og Daniel Haavardsen-Bråttvik, nestleiar i UP
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 1
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord