Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Utskrift styrt frå magnetkort

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
18. des 2007, kl. 14.46

Molde vidaregåande skole skal vere pilot for eit prosjekt der dei vidaregåande skolane skal styre utskrifter til ein skrivar ved å dra eit magnetkort. Prosjektet har no fått pengestøtte frå Fornyingsdepartementet.

Systemet er basert på såkall "follow-me printing", dvs at utskrifta ikkje kjem ut før brukaren dreg kortet ved den skrivaren ein ønskjer. Utskriftsjobben blir då blir sendt til den aktuelle skrivaren.

Ein skal bruke magnetkort eller smartkort til å autentisere brukaren. Løysinga skal kunne nyttast med eksisterande skrivarar, men vi må installere kortlesar til kvar skivar. Det blir dermed små investeringar ved kvar skole.

Løysinga blir i første rekke utvikla for elevnetta ved dei vidaregåande skolane. Løysinga er ikke avhengig av eit operativsystem, men støttar alle de vanligaste operativsystema, t.d. Microsoft Windows, Apple Mac og Linux.

Kvoter

Det er mogeleg å leggje inn kvoter for utskrift, noko som vil redusere papirforbruket. Dette vil gje ein miljøgevinst, ved at papirforbruket vil gå ned. Ein vil også få ein tryggleiksgevinst, ettersom utskriftene ikkje blir skrive ut før ein dreg magnetkortet ved skrivaren. Dermed blir risikoen for at utskrifter med sensitivt innhald blir liggjande unødig ved skrivaren før dei blir ekspedert vidare.

Løysinga krev at elevane får eigne kort som også kan kombinerast med andre typar tenester som: ID-kort med foto, bibliotek-kort, rabattkort for t.d. kulturarrangement, rabattkort ved reiser etc., evt. andre tenester der ein nyttar magnetkort. Prosjektet er klarert med Innkjøpstenesta som eit Forskning- og utviklingsprosjekt. Det er konsulentselskapet Linpro som vil stå for den tekniske utføringa av prosjektet.

Prosjektet er basert på fri programvare og opne standardar. Dei første testane vil venteleg kunne gjerast i første kvartal 2008. Målet er å få dette i full produksjon til skolestart hausten 2008.

Kontaktpersonar

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kristine Stavik Hollingen
Kristine Stavik Hollingen
27 desember, 2007
23.35
Spennende prosjekt dette, men jeg ser på det som en fordel dersom molde vgs hadde hatt datamaskiner som faktisk fungerer. Snakker for oss som ikke er under kunnskapsløftet.
tagcloud ikon

Populære emneord