Nytt
Ungt entreprenørskap samla næringslivet i Molde
10. sep 2008, kl. 09.59
Måndag 8. september var 15 representantar frå næringslivet i Molde samla for å lære meir om Gründercamp.
- Gründercamp er trening i problemløysing ved hjelp av kreativitet og nytenking, seier rådgjevar Sissel Tegelsrud Kolstad som orienterte næringslivet i Molde om denne undervisningsmetoden for ungdomsskolen.
Formålet med Gründercamp er at elevane skal bli kjent med lokalt arbeids- og næringsliv for så å få eit betre grunnlag til å velje utdanningsveg. Bedriftene som er med på Gründercamp skal denne hausten levere reelle problem som oppdrag til ungdomsskuleelevane som er med. Elevane får fire dagar på seg til å løyse oppdraga og presentere løysinga for ein jury. Etter dette blir beste løysing og presentasjon kåra. Dei beste frå dei fire ungdomsskulane møtes til ein kommunefinale 15. oktober.
I Molde kommune skal det i haust arrangerast Gründercamp på Bergmo ungdomsskule, Bekkevoll ungdomsskule, Sekken oppvekstsenter og Skjervik barne- og ungdomsskule.
Dei 15 frå næringslivet i Molde fekk også prøve seg på ei kreativ oppgåve. Med kvart sitt Kinderegg skulle dei i grupper på fem lage ein forretningsidé, ein modell og eit slagord.
|
|
|
|
|
|
|
|
Fotograf: Hallvard Lavoll-Nylenna



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)