Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Ungdomspanelet skal fordele kr 125.000

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
04. des 2007, kl. 12.59

På ungdommens fylkesting i november vart det valt eit nytt ungdomspanel for det kommande året. Tysdag 11. desember skal det nye Ungdomspanelet møtast for fyrste gong denne perioden.

Den viktigaste saka Ungdomspanelet skal handsame på dette møte er fordelinga av ungdomsmidlane. Ungdomspanelet har kr 125.000.- dei kan gje til gode ungdomstiltak i fylket dette halvåret. Det har komme inn tilsamen 25 søknadar frå heile fylket og det er søkt om over kr 380.000.-.

Denne hausten er det blant anna søkt om midlar til instrument, reise, ungdomsklubbar, russerevy, ballettoppsetting, luftkompressor, biljard, forsterkar, surroundanlegg, golfutstyr, digitalkamera og mykje meir.

Ungdomspanelet får ein vanskeleg jobb med å fordele pengane til dei mange prosjekta. Heldigvis blir det delt ut nye og friske midlar i april neste år. Neste søknadsfrist til ungdomsmidlane er 1. april.

Følg med på UNGweb for resultatet av tildelinga.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord