Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Ungdomspanelet har delt ut pengar

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
10. des 2008, kl. 08.26

Ungdomspanelet delte tysdag ut 125.000.- til blant anna båt, LAN, buss, pistol, dans og miksebord

 

Tysdag 9. desember hadde Ungdomspanelet møte på Rica Seilet hotell i Molde. Ein av dei større sakene var utdeling av ungdomsmidlane. To gonger i året delar Ungdomspanelet ut 125.000.- til ungdomsaktivitetar som stimulerar til ungdomsengasjement i fylket.

 

Denne gongen støtta Ungdomspanelet innkjøp av miksebord, DJ-boks, lys, surroundanlegg, switch og server, pistol, båt og gitar. I tillegg støttar Ungdomspanelet nattcup, bli-kjent-dag, julegalla, spelemann og skibuss.

Komplett liste over dei som fekk tildelt Ungdomsmidlar: (Det blir sendt ut brev i løpet av dei neste vekene til alle som har søkt)
 

  • Stratofaction frå Sandøy har fått 15.000kr i støtte til miksebord.
  • Sylte ungdomsklubb i Valldal har fått 15.00kr i støtte til dj-boks.
  • Ungdomscafeen i Rauma har fått 15.000kr i støtte til nattcup i fotball.
  • Ørsta og Volda ballettskule har fått 8.000kr i støtte til lys på danseframsyning.
  • Haram ungdomsråd har fått 3.000kr i støtte til bli-kjent-dag for ungdomsrådet.
  • Stordal ungdomsklubb har fått 3.500kr i støtte til surroundanlegg
  • Elevrådet ved Kristiansund vidaregåande skule har fått 10.000kr i støtte til å dekke utgiftene til Surferosa på julegallaen. Sjå bilder frå Julegallaen her.
  • Rindal kommune har fått 9.000kr til å kjøpe inn switch og server til LAN-party
  • Ungdomsringen Snu Nordvest har fått 4.000kr til å dekke spelemann på arrangement.
  • Molde pistolklubb har fått 3.000kr til innkjøp av klubbvåpen.
  • Maritimt aktivitetssenter (MAKS) i Sandøy kommune har fått 30.000kr i støtte til ny båt.
  • Haukly Musikkverksted i Ørsta kommune har fått 5.000kr i støtte til innkjøp av gitarar.
  • Tingvoll ungdomsråd har fått 4.500kr i støtte til å sette opp skibuss til Oppdal.

 

Vil du ha pengar? Les meir om Ungdomsmidlane her

 

Ingressbilde er teke av Pål Berge og har en Creative Commons-lisens.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 1
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Marita Solhjell Ølander
Marita Solhjell Ølander
15 desember, 2008
08.51
Så flott! Visste ikke at ungdomsringen hadde fått enda! Nå blir det flere samlinger på oss!! Det setter vi veldig stor pris på. Kom hjem fra samling i går. Utrulig artig:D
Fredric Holen Bjørdal
Fredric Holen Bjørdal
11 desember, 2008
23.15
Bra jobba, UP :) Alltid spennande og kjekt å dele ut ungdomsmidlane. Ein kjenner seg nesten som julenissen! Mykje kjent her, ser eg, mange gjengangarar som har fått midlar. Ser mellom anna at Haukly musikkverkstad får ungdomsmidlar for tredje gong. Kanskje burde de få på plass ei skikkelig oversikt over kven som har fått før, kva til og kor mykje, slik at fleire andre gode prosjekt også kan få støtte :)
Ida Andrine Heggset
Ida Andrine Heggset
11 desember, 2008
11.37
Ser ut som om vi gjorde en god jobb! Tror det blir mange glade ungdommer rundt om i fylket nå! :)
tagcloud ikon

Populære emneord