Nytt
Ungdomsbedrifter gir resultat!
01. des 2011, kl. 12.40
Ei undersøking viser at dei som har drive Ungdomsbedrift etablerer oftare eiga verksemd enn dei andre i same aldersgruppa.
Denne hausten har Østlandforskning gjennomført ei undersøking på eigenetablering hos personar i alderen 24-25 år. Undersøkinga viser at 17 prosent av dei som har drive Ungdomsbedrift (UB) har etablert eiga verksemd, mot 13 prosent i kontrollgruppa.
- Arbeid med UB gir konkret kunnskap om bedriftsetablering, men erfaringa bidreg også til å utvikle personlege eigenskapar og haldningar. Tidlegare UB-elevar veit korleis dei skal sette idear ut i livet, og dei gjer det, seier Kirsten Aure, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal.



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)