Nytt
Ungdommens nasjonalforsamling (UNF) 2010
22. sep 2010, kl. 09.07
Då er historiens fyrste nasjonalforsamling for ungdom avvikla. Gjennom påverknadstorg, diskusjonar og engasjement vedtok Ungdommens nasjonalforsamling (UNF) tysdag den 21 september 5 saker som dei brakte vidare til stortingspolitikarar og andre frå dei største partia. Saka det var størst semje om var behovet for lovpålagde medverknadsorgan for ungdom både på kommune, fylke og nasjonaltnivå. Ei av hovudsakane Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har jobba med dei siste åra.
Ungdommane ønskjer at ein gjennom ei årleg UNF skal få etablert ei varig og fast ordning som skal gje ungdom reell medverknad og muligheit til å fremje dei sakene dei meiner er viktigast til regjering og Storting.
Dei fem sakene frå UNF som blei overlevert til stortingspolitikarane ved slutten av UNF var:
- Organisering av ungdommenes innflytelsesorgan på kommunalt, fylkeskommunalt og nasjonalt nivå
- Fråværsreglar i dei vidaregåande skolane; krav om at alt fråver frå fyrste dag blir spesifisert på vitnemålet
- Førstehjelp i skolen; obligastorisk del av pensum i grunnskolen
- Barnebillett; auke barnebilletten opp til 18 år.
- Kollektivtransport i distrikta
Frå Møre og Romsdal var det Janne-Katrin Hansen Sævik og Vetle Wang Soleim frå Ungdomspanelet som deltok som delegatar. Dei fremma forslag om to saker, Nasjonalt ungdomspanel og endring av fråversreglane, og dei ble to av dei fem sakane vedteke av UNF. Våre delegatar la ned eit grundig og godt arbeid for å fremje sine saker. Dei holdt gode innlegg med gjennomtenkte argument.
På slutten av UNF blei Vetle valt som leiar av den gruppa som skal jobbe vidare med ei etablering av eit nasjonalt ungdomsorgan. Les meir om dette her:
Les meir om dei 5 sakene her:
Les meir om UNF på Barne - og ungdomsrådet i Oslo sine nettsider.
eller på www.barneombudet.no/nasjonalforsamling og Ungdommens Nasjonalforsamling på Facebook
Barneombudets ungdomspanel blogger på http://ungdomspanelet.blogg.no/. Der finn du eit intervju av blant anna Janne Katrin frå UP



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
24 september, 2010
16.55
22 september, 2010
11.41
22 september, 2010
10.05