Nytt
Ungdommens fylkesting 2007
20. nov 2007, kl. 10.15
Ved lunsjtider fredag 16. november vart det femte Ungdommens fylkesting (UFT) avslutta på Rauma kulturhus. I løpet av tre dagar hadde 67 representantar frå kommunane i Møre og Romsdal diskutert ungdomssaker og gjort viktige vedtak for ungdomsarbeidet det kommande året.
I tillegg til representantane frå kommunane var Ungdomspanelet, tre tilsette frå fylket, to utsendingar frå fylkestinget og tre gjester ein del av det tre dagar lange arrangementet på Åndalsnes.
Betre samarbeid
Ein av dei store sakene under årets UFT var korleis ungdomsdemokratiet i fylket kan fungere betre. I dag består ungdomsdemokratiet av elevråd, ungdomsråd, Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet. Mange ungdommar er dagleg engasjert i ein eller fleire av desse organa og mange av organa jobbar ofte med same saker. Betre informasjon mellom organa kan gjere ungdomsdemokratiet endå betre og meir slagkraftig.
Etter gruppearbeid og fellesdiskusjon kom Ungdommens fylkesting fram til følgjande samarbeidserklæring:
Ungdomspanelet skal:
- Sørgje for at kontaktpersonane har jevnleg og god kontakt med sine ansvarskommunar, og besøker dei minst ein gang i året.
- Arrangere årlege opplæringskurs for ungdomsråda i dei ulike regionane
- Halde ungdomsråda oppdatert om aktuelle ungdomssaker i fylket
- Hjelpe ungdomsråd i vanskelege saker, ved oppstart og ved eventuelle nedturar
- Vere aktive brukarar av UNGweb.no
Ungdomsråda bør:
- sende to representantar til Ungdommens Fylkesting kvart år
- sende referat frå sine møter til sin kontaktperson i Ungdomspanelet
- samarbeide med ungdomsråd i sine nabokommunar
- auke kontakten med elevråda i sin kommune
- bruke UNGweb.no
Elevråda blir oppfordra til å:
- orientere sitt lokale ungdomsråd om saker dei jobbar med
- ta i bruk UNGweb.no
Betre reglar
I tillegg til ein samarbeidserklæring ønskjer Ungdommens fylkesting å sjå på vedtektene til UFT og Ungdomspanelet. Betre og tydligare reglar vil legge til rette for eit meir stabilt UFT og Ungdomspanel ved eventuelle store utskiftingar og mindre aktivitet. UFT sette ned ein eigen komité som fram til neste Ungdommens fylkesting i november 2008 skal legge fram nye, oppdaterte og betre vedtekter.
Handlingsprogram
Ungdommens fylkesting bestemmer kva Ungdomspanelet skal jobbe med det neste året. Årets UFT vedtok eit fyldig handlingsprogram for det nye Ungdomspanelet. Det neste året skal UP jobbe med følgjande saker:
Lokale ungdomsråd
Ungdomspanelet skal jobbe vidare for at alle kommunar i fylke skal ha fungerande ungdomsråd. I tillegg skal ungdomspanelet stimulere til at kommunane har gode rutinar for val av ungdomsråd, opplæring og oppfølging. Samarbeidserklæringa vedteke på UFT-2007 skal ligge til grunn for arbeidet lokalt.
UNGweb.no
Ungdomspanelet skal jobbe for at UNGweb blir ein god nettportal og møteplass for unge i Møre og Romsdal. I samarbeid med spesielt ungdomsråd skal ein vere med å auke fokus på reel medverknad.
Oppfølging av vedtak frå UFT-2007
Ungdomspanelet skal følgje opp vedtak gjort på UFT-2007 om ungdom og miljø, kollektivtransport for unge og budsjettprioriteringar
Kulturkortet
Følgje opp innføringa av kulturkortet.
Andre saker:
- Ungdomspanelet skal jobbe for å innføre undervisningsevaluering ved ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i fylket.
- Ungdomspanelet skal i samarbeid med fylket evaluere pc-ordninga.
- Arbeide for å dekke tap av ikkje solgte bøker for elevar på siste trinnet på vgs før kunnskapsløftet.
- Fordele ungdomsmidlane til ungdomstiltak.
- Ungdomspanelet skal i løpet av perioden arrangere eit ungdomsrådsseminar.
- Jobbe for å få lovpålagte ungdomsråd i alle kommunar i Møre og Romsdal.
- Ungdomspanelet skal jobbe for å motivere ungdomsråd til å jobbe for utbetring av tilbodet med Helsestasjon for Ungdom. De bør også jobbe med å opprette tilbodet der det ønskes.
----------------------------------
Andre UFT-saker:
Budsjettinnspel til Møre og Romsdal fylke



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)