Nytt
Ungdommen stilte spørsmål til fylkestinget
Korleis vil fylkestinget vidareføre UNG-satsinga? Korleis bør digitale læremiddel brukast? Korleis legge betre til rette for praktisk retta utdanning? Dette var nokre av spørsmåla ungdomspanelet stilte til fylkestinget under morgonmøtet tysdag.
Av Svein Magne Harnes, Møre og Romsdal fylke
Leiar av ungdomspanelet, Jørgen Ask Bakke, innleidde sekvensen med å seie at panelet ønskte gode og konkrete svar, og utfordra fylkestinget til å gjere Ungdommens spørjetime til ei fast ordning, som kan takast opp att 1 - 2 gonger i året.
Mange politikarar ønskte å svare på spørsmåla, og til tider utarta sekvensen meir til ei replikkutveksling mellom politikarar enn til ein samtale med ungdommen - inntil fylkesordføraren sette stopp for replikkar.
Beste spørsmål
Ungdommen stilte godt grunngjevne, konkrete spørsmål, noko som fekk Jan Magne Dahle (SV) til å utbryte: "Dette var eitt av dei beste spørsmåla eg har høyrt frå denne talarstolen nokon gong".
Ungdommen stilte også spørsmål omkring universell utforming, ungdomskortet og miljø.
Her er spørsmåla frå Ungdomspanelet:
1. Spørsmål til Fylkesordføraren frå Ungdomspanelet:
I september 2006 starta prosjektet UNG i Møre og Romsdal fylke.Dette prosjektet har vore ei stor satsing dei siste åra. To personar har i all hovudsak jobba med dette prosjektet fulltid, i tillegg til alle dei som jobbar i kvart delprosjekt UNG satsinga har stått for.
Prosjektet avsluttast ved nyttår, og UNG har nådd sine mål. Flaggskipet til UNG er nettsida UNGweb.no som har blitt ein levande ungdomsportal i fylket, både gjennom skole og elles. Det er vår meinig at ein gjennom dette prosjektet har auka medverknaden til ungdom i fylket på ein veldig positiv måte. Som for eksempel gjennom UNGweb, VAL 09, Ungdommens fylkesting, Ungdomspanelet, Karrieredagane.
Kva tankar gjer fylkesordføraren seg om dette prosjektet når det nærmar seg slutten og kva vil fylkesordføraren og fylkestinget gjere for å fortsette den gode satsinga på ungdom som dei starta for tre år sia?
2.Digitale læremidlar
Vi lever i informasjonsalderen. Det er tydeleg på fleire måtar, blant anna i korleis vi bruker datamaskinar og Internett. Samtidig er det slik at ein les 40% saktare på skjerm enn på papir, og fleire av dei ungdommane eg kjenner seier dei får vondt i auga av å glane på ein skjerm heile skuledagen.
Digitale læremidlar er eit framsteg, men bare så lenge det blir brukt saman med dei fysiske lærebokene. Har du f.eks. simuleringar, tilgang på løysingsforslag, fleire oppgåver og andre vinklar på lærebokinnhaldet tilgjengelig på nett, er det ein stor fordel.
Koss fordelar og ulempar ser dykk som fylkestingspolitikarar ved bruken av digitale læremidlar i skolesystemet?
3.Teori og praksis i undervisninga.
Vi ser at skolen bare har blitt mer og mer teoretisk og fortsetter i denne retningen. Nesten all læring i skolen i dag baserer seg på lærebøker og tavleundervisning. Undersøkelser viser at mer praktisk undervisning, fysisk aktivitet og kulturavbrekk i skolen fører til et bedre læremiljø og et bedre miljø generelt i skolen. Samtidig blir disse aktivitetene nedprioritert for å bane vei for enda mer teoretisk undervisning.
Hvorfor er det slik, og hva har dere tenkt å gjøre med dette?
4. Likestilling
Likestilling er jo eit svært viktig spørsmål i vårt samfunn, og det vert heile tida gjeve lovnadar av politikarar om at dei skal arbeide med dette Det er jo slik i dag, at kvinnedominerte yrke ofte er lågare løna enn mannsdominerte yrke.
Kva kan og vil dykk som fylkespolitikarar gjere med dette?
5.Universell utforming
Mitt spørsmål er om universell utforming. Vi vet at miljøverndepartementet valgte ut Møre og Romsdal fylke som 1 av 8 pilotfylker for universell utforming. Og selv om vi vet at dette hotellet er tilrettelagt for rullestolbrukere, er det slik at alle de stedene fylket har møter, både offentlige og interne, er tilrettelagt for rullestolbrukere og andre funksjonshemmede?”
6.Ungdomskortet
Ei av hovudsakane til UP er ungdomskortet. I dag er prisen for U-kortet 420 kr, før var prisen på 350 kr. Vi i Up meiner at prisen er alt for høg og aldersgrensa som er 19 år er for lav.
Kva vil dykk gjere for å senke prisen og høyene aldersgrensa?
7. Miljø
Som det sikkert veit er miljø stadig i søkelyset og dokke politikarar snakkar godt om miljø tiltak. Men likevel køyrer fleire avfylkestingsmedlemmane privatbil hit og med tanke på antall bilar som står utanfor, så tvilar eg på at det var 5 i kvar bil! Dette er i strid med det som står i høyringsutkastet til regional energi og klimaplan, punkt 10: Eigen organisasjon.
Kan ein finne ein meir miljøvenleg måte å gjennomføre fylkestinget på?



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)