Nytt
Trivsel og medverknad avgjerande for bulyst
Fleire og fleire ungdomar anbefaler sine vener å flytte til Møre og Romsdal. Men sjølv vil dei ikkje bu her. Dette er nokre av resultata som kjem fram i ungdomsundersøkinga Ung i Møre og Romsdal. Undersøkinga blir analysert i det nye tidsskriftet Riss som fylkeskommunen lanserer i dag.
Artikkel frå mrfylke.no
Undersøkingane vart gjennomført i 2007 og 2009, og er ein del av UNG-satsinga til Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er ei brei kartlegging av kva avgangselevar og vg2-elevar på yrkesfag ved dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal veit om fylket sitt, kva grad av medverknad dei opplever, om dei trivst og kva krav dei unge har for å ønskje å busette seg i fylket. Undersøkinga er gjort av Møreforsking i Volda.
Undersøkingane viser mellom anna ein aukande tendens til at ungdomen anbefaler sine vener å flytte til Møre og Romsdal, men samtidig har prosentandelen som trur dei bur i Møre og Romsdal om 10-15 år falle frå 57 prosent i 2007 til 54 prosent i 2009. Det er denne tendensen UNG-prosjektet har ønskt å snu.
Eit viktig mål for UNG-prosjektet har vore å få auka den reelle medverknaden for ungdom, gjennom mellom anna styrking av ungdomsråd og gjennom årlege Ungdommens fylkesting. Utover programperioden for UNG-satsinga, 2006 til 2009, er det etablert ungdomsråd i alle kommunane i fylket. Undersøkingane viser også at elevane opplever at opplæring i elevrådsarbeid er blitt betre.
Eit anna delmål er at ungdom skal få betre kunnskap om kva mulegheiter dei har til utdanning og arbeidsliv i fylket. Undersøkingane viser at kunnskapen om utdanningstilboda i fylket aukar, sjølv om det framleis er eit fleirtal som har relativt dårleg kunnskap om tilboda. Også kunnskapen om jobbmoglegheitene i fylket er aukande, syner undersøkingane.
I den første utgåva av magasinet Riss brukar seksjonsleiar Ingunn Bekken Sjåholm i Møre og Romsdal fylkeskommune resultata frå UNG-undersøkingane til å seie noko om kva trivsel og medverknad har å seie for framtidig bulyst i fylket.
Riss er ein ny publikasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Møreforsking. Gjennom fagartiklar skal Riss kaste lys over tema og problemstillingar som har betyding for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal og vere med å sette dagsorden for samfunndebatten. I første nummer er det mellom anna sett fokus på konkurransen om kompetansen på arbeidsmarknaden, strandsoneproblematikk, kvifor sosial ulikskap i helse er eit problem og folketalsutviklinga i fylket.
- Vi håpar Riss blir tatt i bruk av alle som er interessert i samfunnsutviklinga i fylket, og at det saman med konjunkturbarometeret TEMP og Fylkesstatikken kan vere referansar i samfunndebatten, seier fylkesplansjef Ole Helge Haugen, som er redaktør for Riss og som lanserte tidsskriftet på fylkestinget i dag.
Les heile undersøkinga om UNG her:



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)