Nytt
Ting du må vite
I denne artikkelen finn du informasjon om det du treng å vite om bærbare PC-ar og IT-verktøy som er tilgjengeleg for deg som elev i Møre og Romsdal fylke
Rettleiingsbrosjyre
Det er laga ei rettleiingsbrosjyre i samband med skolestart i år. Denne håper vi svarar på mange av dei spørsmåla som vil dukke opp i samband med bærbare Pc-ar. Brosjyra ligg her:
|
|
PC-ordning
Dei som begynner på vidaregåande i skoleåret 2010/11 har to val:
1. PC frå Møre og Romsdal fylke
Møre og Romsdal fylke har inngått avtale med ADCom AS om levering av skole-PC. Valgt modell er Lenovo ThinkPad Edge 13,3”. Det er en PC med 13,3” skjerm, 2 GB internminne, 320GB (5400rpm) og vekta er berre 1,76 kg. Dersom du vil bruke dette tilbodet frå fylket vil du få utlevert PC-en på skolen ved skolestart. Du må betale kr. 870 per år. Faktura blir sendt ut omkring 15.november. Betalinga inkluderer mellom anna service, vedlikehald og forsikring. Etter tre år får du PC-en. Dersom du sluttar som elev tidlegare, kan du overta han med eit mellomlegg svarande til dei gjenståande innbetalingane.
Se også denne artikkelen: Informasjon til deg som har kjøpt skole-PC
2. Kjøpe/bruke eigen PC
Dersom du heller vil bruke/kjøpe eigen PC vil du få utbetalt eit ”PC-stipend” frå fylket på kr 2330,-. Du må sjølv syte for deg med service, vedlikehald og eventuell forsikring. ”PC-stipendet” blir utbetalt omkring 15. september. Den PC-en du brukar må minst svare til dei krava som gjeld for fylket sin PC-modell. Dette stipendet treng du ikkje å søke om – det kjem automatisk til alle som er tatt inn på vidaregåande hausten 2010.
I nokre fag og utdanningsprogram (for eksempel medier og kommunikasjon) kan det vere behov for ein PC som kan behandle avanserte grafiske applikasjonar (for eksempel Adobe photoshop). Dersom du ønskjer å arbeide med slike program set det ekstra krav til PC-en din. Skolen du har søkt kan gi råd om krav til slike PC-ar, kontakt skolen eller gå inn på skolen si heimeside.
Første innlogging
1.års-elevane som ikkje har aktivert FEIDE-brukaren sin må bruke ein "fellesbrukar" for å kome inn på det trådlause nettet første gong. Informasjon om fellesbrukaren får du på skolen din. Du må inn på det trådlause nettet for å registrere FEIDE-brukaren din (dersom du ikkje har aktivert brukaren din heime), men må bruke FEIDE-brukaren for å kome på det trådlause nettverket. Det vil derfor bli aktivert ein slik fellesbrukar som blir deaktivert den 15.september
Det er eitt brukarnamn og passord for dei fleste tenester og Single-Sign-On etter at du har logga seg på den første tenesta (ungweb.no). Når det gjeld registrering/aktivering, så er dette samla i tenesta brukerid.mrfylke.no.
Se også: https://brukerid.mrfylke.no
Det trådlause nettet
For å bruke datamaskina på skolen, må du logge deg på det trådlause nettverket. Dei fleste skolane har så godt nett at du kan logge deg på nesten over heile skolen. Det er mange måtar å logge seg på trådlause nettverk, alt etter kva operativsystem og programvare som er installert på PC’en din. Dei fleste maskinar søkjer opp trådlause nettverk av seg sjølv. Du må passe på at det trådlause nettverkskortet er slått på/ aktivert (på ein del PC-ar er det ein brytar som slår på og av trådlaust nettverk). Ved aktivering finn du vanlegvis eit ikon nede i høgre hjørne. Dobbeltklikk på dette. Du vil her få opp ei liste over dei trådlause nettverka di maskin har oppdaga.
FEIDE
Møre og Romsdal fylke har teke i bruk FEIDE (Felles Elektronisk IDEntitet). Dette er ei innlogging som skal verne om identiteten din. Målet er at du skal sleppe å hugse mange ulike brukarnamn og passord og kun skrive brukarnamn og passord ein gong for å kome inn på dei ulike systema - såkalla Single-Sign-On (ungweb.no, Fronter, SkoleArena, Lokus osv).
Les også: http://ungweb.no/feide
Gløymt passord
Dersom du har gløymt passordet på FEIDE-brukaren din, kan du gå inn på denne adressa:
UngWeb
Det første du får opp når du er pålogga nettverket på skolen, er nettsidene til UngWeb. Målet med UngWeb er å gi deg som ungdom mer påverknad på det som skjer i samfunnet, men det gir deg også tilgang til ei rekkje tenester som du treng i undervisninga.
På fana ”MIN SIDE” får du tilgang på dei digitale nettressursane til skolen. Her vil du få tilgang til alle dine elevtenester, og også mykje anna informasjon.
På fana «MIN SKOLE» får du opp nettsida til skolen din, her ligg nyheiter om skolen, fagtilbodet, etc.
Sjå også: http://ungweb.no/minside
Behov for hjelp?
Det kan dukke opp “datatrøbbel” som du må ha hjelp til å løyse. Då er det godt å vite at det er fleire som kan hjelpe deg:
IT-ressursane ved skolen:
Skolen har eigen IT-ressurs som arbeider med dagleg drift av IT-systema våre. Den bærbare PC-en er din private, og våre IT-konsulentar kan difor ikkje hjelpe deg med tekniske problem som måtte oppstå.
Vi rår deg til å ta kontakt med butikken der du kjøpte PC-en. Hos IT-ressursane kan du få hjelp med installasjon av antivirusprogram, tilkopling til printarar, oppkopling til det trådlause nettverket og andre problem du måtte ha med å bruke datamaskina på skolen.
Spørsmål om dagleg bruk:
Kontaktlærar eller avdelingsleiar kan ofte hjelpe deg, men ikkje med alle problema.
Gode råd:
- Gå aldri frå PC-en din utan tilsyn.
- Den bør låsast inn i skap i klasserommet ditt når du ikkje sjølv passar på den.
- Snakk med føresette om forsikring av utstyret ditt. Ved tjuveri er det di eiga forsikring som skal dekke tapet.
- Pass godt på brukarnamnet og passordet ditt. Bruk trygge passord (minst 6 teikn).
- Du kan bli ansvarleg for det andre gjer om dei får tilgang til brukaridentiteten din
Når du vil skrive ut
Skolane har skrivarar plassert i nær tilknytning til det rommet der du har undervisning.
Fylket har lagt til rette med eit eige utskriftsystem via Internett. Dette systemet har namnet Bifrost.
Du må først installere drivar til Bifrostskrivaren. Dette står forklart på UNGweb.no. Her finn du meir informasjon om Bifrost-systemet, og du kan finne rettleiing for korleis du legg inn Bifrost-drivar på PC-en din. Du kan bruke ulike operativsystem på PC-en din. Bifrost skal støtte alle.
Når drivaren er installert og du har sendt dei første utskriftene, går du til den skrivaren du ønskjer, dreg elevkortet ditt, og utskriftene kjem ut samla. Du får ei utskriftskvote med papir. Denne kan du sjekke sjølv på Ungweb under "Min side". Her kan du også sjekke di eiga utskriftskø, og evt. slette utskrifter i køa.
Les også: http://ungweb.no/utskrift
Digitale læremiddel
Som elev ved ein vidaregåande skole eigd av Møre og Romsdal fylke har du tilgang til mange digitale læremiddel på nett. For å bruke desse må du logge deg på ”Min Side” på UngWeb.
Epost
Alle elevane i vidaregåande skole har fått eiga e-postadresse. All informasjon frå skolen blir sendt til denne adressa. Den er slik: feidebrukernavn@ungweb.no Du les e-posten din på: https://skolepost.mrfylke.no (du må logge deg inn med FEIDEkontoen din). Du kan også lese denne e-posten på mobiltelefonen din. I tillegg til å lese og sende e-post, kan du slå opp i ei felles adressebok som inneheld e-postadressene til alle elevar og lærarar i fylket. Denne e-postadressa er sikra av spam- og virusvaskaren til fylket.
Fronter
Møre og Romsdal fylke bruker ClassFronter (Fronter) som digitale skolar og klasserom for elevane i vidaregåande skole. Vi kallar dette ofte for LMS (Learning Managment System) til skolen. Ein LMS er både eit administrativt system for skolen og eit elektronisk læringssystem der lærarar og elevar kan organisere faga i ulike rom og mapper. I Fronter kan elevar og lærarar kommunisere med hjelp av chat, epost og forum.
SkoleArena
Elevar og lærarar har tilgang på til karakter-og fråverssystemet SkoleArena. Her fører alle lærarar fråveret ditt og karakterane dine. Du kan til ei kvar tid sjekke at det er rett ført. Vi rår deg til å sjekke kvar gong du har vore borte frå skolen, slik at dette blir rett. Alle ordens- og åtferdsmerknader blir også ført her. La foreldre/ føresette få sjå SkoleArena.
Ordlister
Ordlister på PC kan vere like gode som orbøker, det er raskt å slå opp og søkje etter ord. Ordnett finner du på "MIN SIDE" på UngWeb. Vi rår deg til å laste ned Ordnett pluss. Då har du ordlista lokalt på PC-en, og er dermed ikkje avhengig av internett (f.eks på heildagsprøver).
Se også: http://ungweb.no/ordnettpluss
LOKUS
Lokus er Aschehoug sin nettstad for den vidaregåande skolen. Nettstadane erstattar eller supplerer den tradisjonelle arbeidsboka/ oppgåvesamlinga. Elevar og lærarar loggar seg på LOKUS med sin FEIDEkonto.
NDLA
”Nasjonal digital læringsarena” har som mål å etablere fagnettstadar for alle fag i vidaregåande opplæring. Elevar og lærarar loggar seg på NDLA med FEIDEkontoen sin.
Industriskolen
Industriskolen vil du få tilgang til i fronterrommet for klassen.
Programvare
Møre og Romsdal fylke legg vekt på at det blir brukt fri programvare når det har ein funksjonalitet som er likeverdig med tilsvarande lisensiert programvare. Derfor skal følgjande program vere tilgjengeleg på datamaskina di:
- Mozilla Firefox nettleser
- Kontorstøtteprogrammet Open Office (tekstbehandler, rekneark, presentasjon)
- Adobe Pdf-leser
- Antivirus-program som AVG
- Ryddeverktøy CCleaner
- Spesialprogramvare som blir brukt i undervisninga og som skolen kan installere på maskina di. For at du skal kunne installere eit nytt antivirusprogram må du fjerne programmet som ligg inne på maskina (f.eks. McAfee)
Nettlesar
Nokre læremiddel kan det vere vanskeleg å opne på rett måte med Explorer. Bruk Firefox.
Kontorstøtteprogram
Alle elevar skal ha eit skriveprogram installert på PC-en sin. Når du leverer skolearbeid på Fronter skal desse vere i eit lesbart format. I Møre og Romsdal fylke blir desse formata brukt:
- ODT (OpenOffice) for redigerbare filer
- DOC (Microsoft Word) for redigerbare filer
- PDF (Adobe Acrobat reader) for filer som ikkje skal redigerast vidare
Samskrivingsprogram
Det finst også ei rekkje program på internett til tekstbehandling, rekneark, etc. Desse har også den eigenskapen at du kan dele dei med andre, slik at fleire kan skrive på same dokument eller rekneark samtidig.
Eksempel på dette er Google Docs, Zoho, etc. Desse er gratis i bruk, og du får tildelt eit lagringsområde som er tilstrekkeleg til vanlege føremål. Desse verktøya er svært nyttige når du skal skrive på same dokument frå fleire maskiner, eller samarbeide om eit dokument f.eks. som prosjektarbeid.
Ein annan fordel er at du ikkje treng å laste ned noko program, du gjer alt i ein vanleg nettlesar som f.eks. Opera, Firefox eller Explorer.
Det finst også gode presentasjonsprogram som f.eks. SlideRocket, der du kan lage relativt avanserte presentasjonar – kun ved hjelp av ein nettlesar (Firefox, Explorer, Opera, etc.)
Antivirus
Alle elevar som brukar Windows og som skal logge seg på nettet til skolen SKAL ha antivirusprogram installert på sin PC (gjeld ikkje dei med Mac og Linux). Du står fritt til å velge kva virusprogram du vil bruke.
Vi tilrår AVG frå Grisoft. Dette kan lastast ned gratis på internett. Pass på at virusprogrammet alltid er oppdatert. Vi tilrår også at du har dataverktøy som “vaskar” PC-en din for eventuelle spionprogram.
Unngå uønskt avhengigheit
Møre og Romsdal fylke tilrår bruk av mest mogleg open programvare som har minst mogleg restriksjonar og som har låge kostnader. Vi legg også til rette for at du kan nå flest mogleg dataprogram og tenester frå Internett. Då treng du eigentleg ikkje så mange fleire program enn ein nettlesar. Når du kjøper ein ny PC har den ofte installert program som er gratis i nokre månader (for skape ei avhengigheit), deretter kostar den pengar. Det er viktig at du er obs på dette og ikkje gjer deg avhengig av ei programvare du ikkje ønskjer eller treng.
Lagring av data
Den vanlegaste måten å lagre data på er på den innebygde harddisken eller minnekortet (SD RAM). Oppgåver, stilar, etc. skal lagrast på Fronter ved innlevering. Fronter har noko begrensa lagringskapasitet, og skal ikkje brukast for private filer.
Lagringsmedium (Fordel/ulempe)
| Eigen harddisk | Kan lagre mykje data, men må ha backup av viktige filer. Er bunden til ei maskin |
| Internett | Kan lagrast som epost-vedlegg eller på tenester som adrive.com (max 50 gb). Her må du ha tilgang til internett ved bruk. |
| Ekstern harddisk | Det finst eigne harddiskar som du kan kople til PC-en via USB-inngangen. Desse har vanlegvis svært god kapasitet. |
| Brenne cd | Dette er primært en grei måte å ta backup på rimeleg. Ikke alle pc-ar har no egen cd-brennar. |
| Minne-penn (USB) | Rimeleg og mobil. Er ein sikkerhetsrisiko når den blir brukt mellom fleire ulike pc-ar |
Vi legg til rette for at du kan lagre mest mogleg på Internett. I tabellen til venstre har vi lista opp fleire alternative moglegheiter for lagring. Dersom du har f.eks. ein webmail-konto på Internett, som f.eks. Gmail, Hotmail eller Yahoo-mail, kan det vere praktisk å sende filar du vil ha backup på som epost-vedlegg til denne kontoen. Da får du tilgang til desse filene uansett kvar du er – berre du har tilgang til nettet. Via verktøy som adrive.com eller dropbox.com får du eigne lagringsområde på web som du kan bruke som ordinær lagring eller backup.
Når du brukar PC-en din til skolearbeid, er det viktig at du har eit system som gjer det lett å finne dokument og datafiler. Dette kan vere arbeidsteikningar eller ulike prosjekt/arbeid i faga dine.
Ein katalog pr fag
På dei aller fleste datamaskinar er det ei mappe som heiter Mine Dokumenter. Her bør du lagre alt skolearbeid. Lag gjerne nye katalogar for kvart fag. Gi mappene dine namn slik at du lett ser kva som er i dei, f.eks ”Norsk” eller ”Naturfag”. DropBox
Ditt ansvar
Om bruk av datanettet på skolen
Du er pliktig til å sette deg inn i det som står om «IKT-reglement for elevar ved MRfylke sine vidaregåande skolar» I utgangspunktet er det klare reglar for bruk av datanettet på skolen:
§ 6-1 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar på måtar som strid mot opphavsretten etter åndsverklova.
§ 6-2 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar på måtar som krenker grenser for sømeleg og anstendig åtferd, eller som er krenkjande.
§ 6-3 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar til å framsette truslar og hets, utøve mobbing eller opptre på rasistisk vis.
§ 6-4 Brukaren skal på elevnettet og Internett opptre ærleg, høfleg og vise respekt for andre personar sitt livssyn, nasjon og rase.
§ 6-5 Brukaren skal vere kritisk før eit epostvedlegg vert opna. frå ein sendar brukaren ikkje kjenner, eller med eit innhald som verkar useriøst eller uforståeleg.
Sanksjonar
§ 7-1 IKT-reglementet er ein del av skolereglementet. For brukarar som bryt reglane i dette reglementet vil tiltak bli vurdert et r dei reglane som er fastsett i skolereglementet. I særlege tilhøve vil brot på reglementet kunne føre til erstatningsansvar og straffeansvar.
§ 7-2 For brukarar som bryt reglane i dette reglementet kan brukarkontoen bli sperra.
§ 7-3 Mistanke om lovbrot kan bli meldt til politiet.
§ 7-4 Alvorlege brot på dette reglementet skal rapporterast til skolen si leiing. Ved skolane i Møre og Romsdal fylke vil vi vere helt tydelege på at dersom mobbing via internett kan knyttast til skoleaktivitetar, så vil vi reagere strengt på dette. Våre vidaregåande skoler skal vere ein trygg arbeidsplass både for elevar og lærarar!
http://ungweb.no/iktreglement
Mobbing
Vi viser også til Utdanningsdirektoratet sin ressurs mobbing.dubestemmer.no .Våre vidaregåande skolar skal vere ein trygg arbeidsplass både for elevar og lærarar!
Lykke til



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)