Nytt
TV -aksjonen 2010
Søndag 24.oktober gjennomførast TV-aksjonen 2010. I år går inntektene til Flyktninghjelpen og deira arbeid for menneske på flukt. Midlane skal nyttast til å gje meir og betre humanitær hjelp til fleire av dei 43 millonar menneska på flukt i dag. Med pengar frå TV-aksjonen kan dei sette i gang naudhjelpsarbeid raskt hvis det oppstår kriser i nye område med store humanitære behov. Hugs å melde deg som bøsseberar!
Flyktninghjelpen er Norges største internasjonale humanitære organisasjon, og vart stifta i 1946 under namnet Europahjelpen. Før 2005 gikk organisasjonen under namnet Flyktningerådet. Dei har tidligere hatt TV-aksjonen fire gonger.
Flyktninghjelpen har som må mål å fremje og verne rettane til dei 27 millionar menneska som er på flukt i eige land, og dei 16 millionar menneska som er på flukt på tvers av landegrensene. Flyktninghjelpen driv flyktningeleire rundt om i verda, gir juridisk bistand til flyktninger, gir naudhjelp, og utdanning til flyktningebarna.
Flyktninghjelpen opprettheld dessutan ein beredsskapsstyrke på 850 personar, som ved behov kan være kor som helst i verda på 72 timar for å bistå FN og andre internasjonale organisasjonar i humanitært arbeid.
Les meir om aksjonen her www.tvaksjonen.no .
Gjer du eller klassen din noko i samband med TV-aksjonen (skriv, syng, lagar film el.l.), så send det inn til nettredaktør på www.ungweb.no og få det publisert. Eller send mail til absh@mrfylke.no
Hugs å melde deg som bøsseberar!



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)