Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

TV-aksjonen 2009 til kvinner og jenter

Kristin Glæstad Vonheim
Skrive av Kristin Glæstad Vonheim
03. sep 2009, kl. 11.55

18.oktober er aksjonsdagen for TV-aksjonen 2009. I år går inntektene til organisasjonen CARE.CARE prioriterer i årets aksjon kvinner og jenter, fordi dei blir hardare råka av fattigdom, naud og diskriminering.

CARE er ein av verdas største hjelpeorganisasjonar, og har prosjekt i 71 land. Gjennom spare- og lånegrupper kan kvinner få moglegheit til å klare seg sjølve gjennom mikrofinans. Dette er med på å skape ein tryggare økonomisk plattform for kvinnene og familiane deira, og å styrke eit sterkt fellesskap. Dette skal også vere med på å auke demokratiseringa gjennom at kvinner involverer seg i samfunn og politikk.

Inntektene frå årets aksjon vil gå til opplæring og etablering av spare- og lånegrupper og andre prosjekt på Balkan, i Bangladesh, Burundi, Burma, Mali, Nioger, Rwanda, Sri Lanka, Tanzania og Uganda. Les meir på: www.tvaksjonen.no .

Gjer du eller klassen din noko i samband med TV-aksjonen(skriv, syng, lagar film el.l.) så send det inn til www.ungweb.no og få det publisert.

Hugs å melde deg som bøsseberar!

TV-aksjonen
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: -1
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord