Nytt
TV-aksjonen 2009
02. okt 2009, kl. 14.06
18. oktober er aksjonsdagen for TV-aksjonen 2009. I år går inntektene til organisasjonen CARE. CARE prioriterer i årets aksjon kvinner og jenter, fordi dei blir hardare råka av fattigdom, naud og diskriminering.
CARE er ein av verdas største hjelpeorganisasjonar, og har prosjekt i 71 land. Gjennom spare- og lånegrupper kan kvinner få moglegheit til å klare seg sjølve gjennom mikrofinans. Dette er med på å skape ein tryggare økonomisk plattform for kvinnene og familiane deira, og å styrke fellesskapet. Eit anna mål er at dette skal vere med på å auke demokratiseringa gjennom at kvinner involverer seg i samfunn og politikk.
Inntektene frå årets aksjon vil gå til opplæring og etablering av spare- og lånegrupper og andre prosjekt på Balkan, i Bangladesh, Burundi, Burma, Mali, Nioger, Rwanda, Sri Lanka, Tanzania og Uganda.
Kva er spare- og lånegrupper?
Dette er lokale sparebankar for kvinner som går saman i grupper og sparer eit beløp kvar veke eller månad. Det er kvinnene sjølv som driv bankane. 15-30 kvinner går saman og sparer eit lite beløp i ei sparekasse. Slik kan kvinnene spare eigne pengar, låne av kvarandre og teikne forsikring. Og slik får kvinnene betre økonomisk sikkerheit og tid og moglegheit til å lære nye ting og å skape eit fellesskap. I spare-og lånegruppene diskuterer dei aktuelle spørsmål som seksuell vald, mødrehelse og hiv og aids m.m.
TV-aksjonen Møre og Romsdal
Har du lyst å følgje med på kva som skjer, eller har eigne aktivitetar, i samband med TV-aksjonen i Møre og Romsdal kan du gå inn på norgeskartet . Her kan du også legge inn eigne aktivitetar. Du kan lese meir om vassmangel, korleis du blir bøsseberar og ulike aksjonar og informasjon om tv-aksjonen her. Kjenner du nokon som har fått Care-pakke i 1946? Skriv om det på www.ungweb.no
Gjer du eller gruppa di noko i samband med TV-aksjonen(skriv, syng, lagar film el.l.) så send det inn til www.ungweb.no og få det publisert.



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)