Nytt
”Surf på dei fire beste åra i livet ditt”
Skulekrita og læraren si brune kordfløyelsbukse er bytta ut med våtdrakt og surfebrett i ein storstilt rekrutteringskampanje frå Høgskolen i Volda, ”Surf på dei fire beste åra i livet ditt”. Høgskolen satsar friskt på rekruttering til lærarutdanninga. Målet er å auke talet på søkjarar til grunnskulelærarutdanninga i Volda.
Eit krafttak for å auke rekrutteringa til læraryrket
Kampen om studentane er hard, og utdanningsinstitusjonane må vere offensive for å sikre rekruttering. Rekrutteringskampanjen med namnet ”Surf på dei fire beste åra i livet ditt” har som mål å auke talet på søkjarar til grunnskulelærarutdanninga i Volda. Nye metodar vert tekne i bruk for å lukkast.
- Elevar i dei vidaregåande skulane og folkehøgskulane rundt omkring i fylket har sikkert lagt merke til surfemannen vår i det siste. Han har også vore på dei store utdanningsmessene i landet. Med surfebrettet sitt frontar han alt kampanjemateriell fortel lærarstudent Dag Atle Lee Eiksund.
Surfe på kunnskap
- Både grunnskulelærarutdanninga i Volda og det gode studentmiljøet gir ei medfart – ei bølgje av energi, kompetanse, positive opplevingar, vennskap og minne – som bringer kvar einskild student vidare i livet med stor kraft. Å forvalte denne bølgja krev mange eigenskapar som ein også treng i læraryrket: Balanse, styrke, kompetanse, fokus og overblikk, seier Dag Atle.
Lærar og surfar
Ansiktet som frontar kampanjen er ingen profesjonell modell, men læraren og surfaren Håvard Edvardsen frå Sykkylven. 31 år gamle Håvard jobbar som lærar på Volsdalen skole i Ålesund, og har studert ved Høgskulen i Volda. Han er veldig stolt av å få vere ”den utvalde” som no prydar annonsar i landets aviser, ei eiga nettside og store banner.
- Vi var på jakt etter ein ekte modell. Vi leita etter ein ung, mannleg lærar som også kunne surfe. Så fann vi Håvard. Sidan han var frå Sykkylven og hadde studert i Volda, var han perfekt for oss, seier Dag Atle Lee Eksund som er leiar for rekrutteringsteamet for grunnskulelærarutdanningane i Volda.
Godt studentmiljø trekkjer søkjarar til Volda
Lee Eksund er ikkje i tvil om at Høgskulen i Volda sitt sterkaste kort i konkurranse med andre høgskular er studentmiljøet. Med godt over 3000 studentar og om lag 300 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Med dyktige fagfolk og aktive studentar er høgskulen eit fagleg og kulturelt kraftsentrum i regionen. Volda er kanskje spesielt kjent for medieutdanningane sine og det gode og yrande studentmiljøet rundt studenthuset Rokken med studentveke, dokumentarfilmfestival og animasjonsfilmfestival som dei store høgdepunkta.
Vinn ei draumehelg i Volda
Kampanjen har også ei eiga nettside, www.blilærar.no, der ein blant anna kan vinne ei gratis draumehelg i Volda 19.- 21. mars. Der vil overraskingar og opplevingar om kvarandre gje vinnarane eit godt innblikk i korleis det er å vere student i Volda.
Bilde: microsite. Gå inn på www.blilærar.no og vinn ei draumehelg i Volda.
Stort behov for lærarar
Behovet for gode lærarar i skulen er stort og høg kompetanse på dette området er svært etterspurt. Med ei lærarutdanning frå Volda er ein i praksis sikra jobb. Likevel er talet på søkjarar til grunnskulelærarutdanningane i distriktet for lavt. Dette ønskjer Høgskulen i Volda å gjere noko med.
- I over 150 år har Høgskulen i Volda utdanna gode lærarar. No set vi alle krefter inn for å hindre lærarmangel i distrikta dei neste åra. Det krev at vi både tenkjer nytt og satsar friskt, fortel rektor Jørgen Amdam.
Rektor Amdam opplyser at 30% av lærarane i fylket er over 55 år, dermed nærmar mange seg pensjonsalderen.
Av dette suttar rektor Amdam at det er behov for om lag 260 nye lærarar i Møre og Romsdal kvart år framover.
…………………..
Meir info:
Jørgen Amdam, rektor: T: 70 07 50 20. Mob: 95463942. E-post: ja@hivolda.no
Lærarstudent Dag Atle Lee Eksund: Mob: 91818832. E-post: eksund@hivolda.no
Sjå også Høgskolen i Volda sine nettsider her:


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)