Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Superbillige jazzbillettar til ungdom

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
13. juni 2008, kl. 14.01

Ungdom i Møre og Romsdal mellom 15 – 20 år får eit pakketilbod på 450 kroner for alle dei tre store utekonsertane under jazzfestivalen i Molde i sommar. Tilbodet er knytt til ordninga med ”Kulturkort for ungdom”.

For ein overkommeleg sum får ungdom i fylket dermed høve til å høyre og sjå artistar som Mary J. Blige, Patti Smith, Ane Brun, Kent, The Margarets og Beady Belle.

Møre og Romsdal fylke ved Kulturavdelinga og Ung i Møre og Romsdal er stolte av å kunne tilby ungdom i fylket denne ”museumspakka” som ei ekstrasatsing i prøveprosjektet ”Kulturkort for ungdom”. Å tilby ungdom spesiell god kulturkortrabatt på enkeltarrangement er nytt i ordninga, og vil bli vurdert også for andre enkeltarrangement i fylket.

Møre og Romsdal fylke sponsar kvar billett med 500 kroner.

Ungdom som vil nytte seg av tilbodet kan bestille på vanleg måte over Billettservice, og må vise fram godkjent legitimasjon ved inngang.

Ordninga ”Kulturkort for ungdom” gir 25 % rabatt på kulturopplevingar for ungdom i alderen 16-20 i Møre og Romsdal, og gjeld m.a. kinoar, kulturhus og ei lang rekke andre kulturformidlarar. Ordninga er eit samarbeid mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Møre og Romsdal fylke.

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal har vore medspelarar i arbeidet med å få ordninga på plass.

Kent

- Møre og Romsdal fylke har valt å organisere ordninga minst muleg byråkratisk. Det vert ingen eigenandel, ingen søknadsprosedyrer eller fysiske kort. Med låg terskel trur vi fleire vil nytte seg av ordninga, seier rådgivar Hege Gagnat ved kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Med satsinga på ”Ungdomskortet” for kollektivtrafikk og på ”Kulturkort for ungdom”, er målet å auke trivselen for ungdom i fylket.

For meir informasjon:

  • Øivind Schanche – 71258854 – 91328054
  • Hege M. Gagnat – 71258887 - 90114024

Ane

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord