Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Statleg støtte til modul for digital eksamen

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
13. des 2007, kl. 14.11

Fornyingsdepartmentet har gjeve støtte til ei IT-prosjekt for digital eksamen. Den tekniske løysinga skal gjere det mogeleg å styre alle trådlause tilgongar som eleven kan nå under eksamen, slik at eksamenskandidaten berre når dei tenestene på nett som dei skal bruke.

Fornyingsdepartementet har løyvd 350.000 kr til prosjektet som blir samordna av IT-seksjonen i Møre og Romsdal fylke.

Målet er å lage ein enkel infrastruktur som gjer det mogeleg å stenge alle trådlause nett effektivt under den digitale eksamen. Ein skal kunne styre elevene slik at dei kan levere på nett (via elærings-plattformen) under eksamen. Løysninga skal vere enkel å administrere, samtidig som ho er open og plattform-uavhengig. Løysinga skal kunne nyttast på alle typar PC-ar.

Alle hjelpemiddel under eksamen blir styrt berre på dei stadene eleven har tilgang til å bruke på nettet under sjølve eksamen. Det er også mogeleg å legge inn ulike typar alarmar som avslører forsøk på å gå utanom de områda elevane blir styrt inn på.

Den tekniske utviklinga vil skje i regi av Norsk Regnesentral, men prosjektet blir koordinert frå IT-seksjonen. Dette er eit relativt omfattande prosjekt basert på fri programvare og opne standardar.

Utdanningsavdelinga og IT-seksjonen vil ta kontakt med Utdanningsdirektoratet for å få fullfinansiert prosjektet med statlege midlar.

Kontaktperson

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord