Nytt
SommerMOT 2008 Midsund
29. april 2008, kl. 13.59
Ungdomar busette i Aukra, Sandøy, Fræna, Midsund og Eide er inviterte til årest SommerMOT
Kommunane Midsund, Aukra, Sandøy, Fræna og Eide inviterer ungdom i alderen 13 til 18 år busett i kommunar til sommarleir i perioden måndag 7. til fredag 11.juli 2008.
Midsund kommune er i år arrangør, og leirstad vert Midsund skule. Aktivitetar du kan melde deg på er sjøsport/ friluftsliv, musikk/ samspel, dans og filmproduksjon. Torsdag kveld er det konsert der deltakarane visar kva dei har lært og varmar opp The Margarets.
Konserten er open for alle, kr 150 for vaksne og kr 100 for barn under 16 år. Aktivitetar, konsert, kost og losji er inkludert i leirprisen på kr 800 per person for heile veka. All transport på øya skjer på sykkel som den enkelte tek med.
Meir informasjon og søknadsskjema finn du på den enkelte kommune si heimeside, t.d. www.midsund.kommune.no, www.eide.kommune.no, www.frana.kommune.no, www.aukra.kommune.no, www.sandoy.kommune.no
Har du spørsmål, ring rådgjevar Ann-Heidi Orvik på telefon 712 70530 eller e-post ann-heidi.orvik@midsund.kommune.no.
Påmeldingsfrist 10.mai 2008.



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)