Nytt
Småjobbar for ungdom
03. juni 2008, kl. 14.08
Klar til innsats! I Fræna står unge parat til oppdrag, formidla av den nye Småjobbsentralen. Så kan dei også bli betre kjede med, og få sterkare band til heimplassen sin.
Saken er henta frå Fylkesmagasinet SPOR 3 - 2008 (pdf)
– Vi starta opp i mars, og målet er at unge i alderen 13–18 år skal kunne tene eigne pengar gjennom strøjobbar, seier Elin Morsund. Ho er ungdomsarbeidar i Fræna kommune og er ansvarleg for prosjektet.
Trygt for begge partar
Småjobbsentralen fungerer som ein mellomstasjon mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.
– Vi registrerer oppdraga, og utifrå ønska til ungdommane som har meldt seg på, formidlar vi rett oppdrag til rett person, seier Morsund.
– Vi blir også med på det første oppdraget, slik at både den unge arbeidstakaren og arbeidsgivaren er trygg – på oppdraget og kvarandre. For at begge partar skal bli nøgd med jobben, passar vi på at dei har lik oppfatning av korleis jobben skal gjerast. Ønsket er at vi skal greie å formidle oppdrag til alle dei ivrige ungdommane som har registrert seg. Vi håpar også at ungdommane lettare greier å skaffe seg fast jobb på kveldar og i feriar gjennom denne erfaringa, seier Morsund.
Tilknyting lokalt
Oppdraga som blir formidla gjennom småjobbsentralen har ei minimumsløn på 70 kroner i timen. Eit oppdrag kan mellom anna vere vasking, barnepass, maling, rydding, diverse hagearbeid, gardsarbeid osv. – Akkurat no har vi fleire arbeidslystne ungdommar enn oppdrag, men det dukkar opp nokre nye oppdrag kvar dag. Likevel håpar vi at fleire, både bedrifter, offentlege institusjonar og privatpersonar, ser behovet for litt ekstrahjelp. At ein får prøve seg i arbeidslivet er god læring, og skapar tilknyting til lokalsamfunnet, meiner ungdomsarbeidar Morsund.
Arbeidslyst
Fire som allereie har meldt seg, er Anne Line Tøvik (13), Martin Moen (13), Marius Tennfjord (13) og Karen Sofie Sunde (14), som går i 7. og 8. klasse ved Bud barne- og ungdomsskole. Dei har registrert interessene sine hos småjobbsentralen, og ventar no på første oppdrag. Dei tek mange slags jobbar, men har nokre favorittoppdrag: Anne Line og Karen Sofie vil aller helst ta på seg oppdrag innan barnepass, medan Martin og Marius seier dei vil gjere alt anna enn barnepass. Interessene er noko forskjellige, men felles for dei alle er at dei gjerne vil komme i gong med jobbinga og ser fram til å få ekstra lommepengar.
Sparepengar
Dei arbeidslystne frå Bud har klare tankar om kva dei skal med inntekta. Både Martin og Anne Line sparer til datamaskin, Martin vil i tillegg ha lommepengar til sydentur.
– Eg likar å ha pengar, det er godt å ha noko i bakhand, seier Karen Sofie.
– No sparer eg til 4-hjuling, seier Marius.
At dei likar å ta i eit tak og er ivrige etter oppdrag, kjem tydeleg fram når Fylkesmagasinet Spor møter dei. Spesielt viser eit plenklipparoppdrag i Bud seg å vere svært attraktivt, særleg Martin legg inn gode aksjar for å få det oppdraget. Han har ansvaret for å klippe fire plenar frå før, men tek meir enn gjerne på seg fleire. Tida skal det heller ikkje stå på, og ungdomsarbeidar Morsund må halde igjen. Det er i alt 30 ungdomar som er registrert i småjobbsentralen i Fræna, og oppdraga må fordelast på
ein rettferdig måte. Men vi tør tippe at graset ikkje rekk å bli langt i Bud i sommar.



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)