Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Sandøy kåra til Årets ungdomskommune

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
15. nov 2007, kl. 16.26

Ungdommens fylkesting har kåra Sandøy kommune til Årets Ungdomskommune i Møre og Romsdal.

Tre kommunar var nominert, nemleg Volda, Sandøy og Skodje. Ved voteringa var det Sandøy kommune som gikk av med sigeren.

 

I grunngjevinga for at Sandøy vart kåra, heiter det mellom anna:

 

Sandøy kommune har eit svært velfungerande Ungdommens kommunestyre, der ungdommane i kommunen får eit talerøyr til dei som tek avgjerdene i kommunen. Ungdommens kommunestyre får være med på å påverke utfallet av saker som vedkjem ungdommen i kommunen. Og Sandøy kommune har vist at dei tek UKS på alvor, når det årleg vert sett av pengar på kommunen sitt budsjett, som medlemmane i UKS får /full råderett /over. Har fått tilbakemelding frå medlemmer i UKS som seier at kommunen er svært positivt innstilt og villig til å høre på forslag frå UKS.

Ungdommens kommunestyre har saman med Sandøy kommune jobba med, og fått sett ut i livet to store prosjekt dei siste to åra:

  1. Maritimt Aktivitetssenter(MAKS), som er eit glimrande maritimt aktivitetstilbod for ungdom. Her har det blitt investert nesten ein million kroner i kajakkar, segljoller, våtdrakter osv.
  2. Ungdomskubben Kvalen er inne i sitt første heile driftsår. Klubben er for ungdommar mellom 13-19. Her får ungdommen ein rusfri tilhaldsstad, der dei kan møtast kvar onsdag og fredag kveld. Også her har det blitt investert tungt frå kommunen si side i mellom anna datarom, biljard, lufthockey, datamaskiner, bordtennis og filmrom med stort lerret. Eg har sjølv vore vakt ein kveld på ungdomsklubben, og ungdommane stortrvives verkeleg!

 

I tillegg skal det no leggast kunstgras i Sandøy kommune, noko som vil være eit supert tilbud til fotballinterresserte ungdommar. Også her spelte Ungdommens kommunestyre ei viktig rolle for å få gjennomslag i kommunestyret.

 

Anita Vingen 15.11.2007

Representanter frå Sandøy kommune og leiar og nestleiar i Ungdomspanelet
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 1
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord