Nytt
Sandøy kåra til Årets ungdomskommune
15. nov 2007, kl. 16.26
Ungdommens fylkesting har kåra Sandøy kommune til Årets Ungdomskommune i Møre og Romsdal.
Tre kommunar var nominert, nemleg Volda, Sandøy og Skodje. Ved voteringa var det Sandøy kommune som gikk av med sigeren.
I grunngjevinga for at Sandøy vart kåra, heiter det mellom anna:
Sandøy kommune har eit svært velfungerande Ungdommens kommunestyre, der ungdommane i kommunen får eit talerøyr til dei som tek avgjerdene i kommunen. Ungdommens kommunestyre får være med på å påverke utfallet av saker som vedkjem ungdommen i kommunen. Og Sandøy kommune har vist at dei tek UKS på alvor, når det årleg vert sett av pengar på kommunen sitt budsjett, som medlemmane i UKS får /full råderett /over. Har fått tilbakemelding frå medlemmer i UKS som seier at kommunen er svært positivt innstilt og villig til å høre på forslag frå UKS.
Ungdommens kommunestyre har saman med Sandøy kommune jobba med, og fått sett ut i livet to store prosjekt dei siste to åra:
- Maritimt Aktivitetssenter(MAKS), som er eit glimrande maritimt aktivitetstilbod for ungdom. Her har det blitt investert nesten ein million kroner i kajakkar, segljoller, våtdrakter osv.
- Ungdomskubben Kvalen er inne i sitt første heile driftsår. Klubben er for ungdommar mellom 13-19. Her får ungdommen ein rusfri tilhaldsstad, der dei kan møtast kvar onsdag og fredag kveld. Også her har det blitt investert tungt frå kommunen si side i mellom anna datarom, biljard, lufthockey, datamaskiner, bordtennis og filmrom med stort lerret. Eg har sjølv vore vakt ein kveld på ungdomsklubben, og ungdommane stortrvives verkeleg!
I tillegg skal det no leggast kunstgras i Sandøy kommune, noko som vil være eit supert tilbud til fotballinterresserte ungdommar. Også her spelte Ungdommens kommunestyre ei viktig rolle for å få gjennomslag i kommunestyret.
Anita Vingen 15.11.2007


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)