Nytt
Rullestolstunt!
Ungdomspanelet har i helga hatt møte i Surnadal. Ei av sakene som var teke opp var universell utforming. Som følgje av dette skal Ungdomspanelet no utfordre alle elevråda på dei vidaregåande skulane i fylket til å delta på eit såkalla ”rullestolstunt”.
Skrive av Hanne Stokke og Ida Andrine Heggset, Ungdomspanelet
UFT 2009 vedtok at Ungdomspanelet skulle ha universell utforming som eit punkt på handlingsprogrammet i perioden 09/10. Som følgje av dette skal Ungdomspanelet no utfordre alle elevråda på dei vidaregåande skulane i fylket til å delta på eit såkalla ”rullestolstunt”. Da skal elevråda utforske om skulane er universelt utforma og tilrettelagt for rullestolbrukarar. Dette vil blant anna seie at skulen skal ha alternativ til trapper, ikkje skal ha dørstokkar som hindrar rullestolbruk og liknande. Stuntet vil gå ut på at et par elevar skal bruke ein heil skuledag som rullestolbrukar. Og da vil det vise seg om det er mogeleg for dei å kome seg til rom som til dømes gymnastikksal, lab, klasserom, kantine og liknande utan større problem.
Vi håpar at så mange som mogeleg tar utfordringa og blir med på dette! Det skal bli interessant å sjå resultata, som også skal bli lagt fram på UFT 2010.
Sjå kopi av mailen til elevråda her:



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)