Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Rauma kulturhus presenterer kulturveker

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
07. feb 2008, kl. 12.07

Rauma Kulturhus vil bli eit av landets beste Kulturhus for ungdom. 9. – 21. februar arrangerar Kulturhuset kulturveker.

Det tek tid å bygge opp eit slikt rykte og ungdommen sjølve må vere med å få det til. I dei 4 månadane Kulturhuset har vore ope har det kvar veke vore mykje ungdom innanfor dørene. På kino, på kulturskule, i biblioteket, på konsert, på idol-finale eller kanskje berre innom for å gjere lekser eller ta heisen… To veker i februar gjer Kulturhuset litt ekstra for ungdommen og dei håpar sjølvsagt at de kjem på besøk. Ikkje berre ein gong, men fleire gonger.

I TROLLSTOLEN: 9. februar kl 18.00:

UKM, eller Ungdommens kulturmønstring, er ei mulighet for kreativ ungdom til å vise fram kva dei driv med i ein profesjonell setting.

Laurdag 9. februar kl. 18.00, går UKM lokalmønstring av stabelen i Rauma kulturhus. Til denne lokalmønstringa er det påmeldt over 30 innslag, med alt fra sceneopptreden til utstilling. Rakel Dahle og Kenneth Dahle er programleiarar.

I BIBLIOTEKET: 9. februar – 21. februar: Ungdom i Biblioteket

På Rauma folkebibliotek finnes bøker for alle smakar og interesser, og det dei ikkje har, prøver dei å få lånt frå andre bibliotek når du spør.

Her finnes teikneseriar, tidskrifter, aviser, lydbøker, norsk musikk på CD og filmer.

Her finnes pc´er for Internett og plass til å fordype seg eller møtes.

Den lengste reoloen i biblioteket er det ungdomsbøker i! Filmer kan du også låne gratis!

Så, boka bak ”Mannen som elsket Yngve” kan du låne her.

Under ungdommens kulturveker har biblioteket utstilling med tema ”Bok og film”.

PÅ KINO:

Yngve

Åndalsnes kino viser film heile 5 dagar i veka. I perioden 8. – 13. februar kan du sjå filmen Arn. 15. februar kl 19.30 har kinoen Noregspremiere på filmen Mannen som elsket Yngve. Filmen vil gå t.o.m onsdag 20. februar. Rauma filmklubb vil introdusere filmen før den snurrar i gang.

CLUBBING kl 21.00: Etter filmen møtes vi alle ungdommar til quiz og musikk i Romsdalshorn (Kulturhusets 3. etasje)i regi av Åndalsnes ungdomsklubb og fritidsleder Frode Nakken.

På FILMKLUBB: torsdag 21. februar kl 20.00

Rauma filmlubb såg dagens lys i haust. Dei har no over 40 medlemmar og skal som ein del av sitt vårprogram vise Donnie Darko denne kvelden. Filminteresserte Tarjej Husøy introduserer sin favorittfilm.

MED KULTURKORT:

Kulturkort for ungdom er ei ny ordning som gjev ungdom mellom 15 og 20 år 25 % rabatt på alle arrangement i Kulturhuset. Dette betyr mellom anna at de i denne aldersgruppa kan gå på kino for 53 Kr. Det einaste de treng å vise ved billettkjøpet er legitimasjon. Ei fantastisk ordning som de må bruke for alt den er verdt!

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord