Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Protesttog mot mindre musikk

Hallvard Lavoll
Skrive av Hallvard Lavoll
11. nov 2008, kl. 18.31

Onsdag 12. november klokka 14.00 blir det arrangert protesttog mot nedskjæringa av musikklinjene i Møre og Romsdal.

Det er elevane på musikklinja på Fagerlia vidaregående skule som står bak protesttoget. Dei ønsker at så mange som mulig frå ungdomsskulen, lærarar og foreldre skal møte opp og vise
sin misnøye.

Det var fredag 7. november at Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik la fram sitt forslag til økonomiplan 2009-2012, med budsjett for 2009. I forhold til førre periode vil fylket få ein redusert økonomisk handlefridom, og vil gjennomføre innsparingar på drifta i heile organisasjonen. Det var her det kom forslag om å redusere antal plassar på musikklinjene i fylket.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 5
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord