Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

PIR-festivalen 2010

Fjorårets festival var ein stor suksess og til helga er det tid for PIR - festivalen igjen. Pir-festivalen er ein underfestival av Makrellfestivalen. Denne festivalen held til i Fosnavåg, i Herøy kommune. Festivalen er eit resultat av ein ide nokre ungdommar lanserte for å få eit tilbod til ungdomane slik at dei ikkje var i sentrum under Makrellfestivalen, og dei ville også ha sitt eige opplegg.

Skrive av Janne Katrin Hansen Sævik, ungdomsrådet i Herøy

Fjorårets festival var ein stor suksess ! Der Erik og Kriss, vinnarane av Bandmønstringa, Kjetil og Kjartan og diverse lokale artistar opptredde. Den blei avslutta med diskotek med inleigd DJ. Der var ca. 150-200 betalande ungdommar ! Billett prisen var 100,- I år blir det 150,-

Noko anna som vert gjort under PIR-festivalen, er at vi delar ut årets PIR. Dette er ein pris til ein ungdom som har utmerka seg godt gjennom heile året som har vore. Prisen blir delt ut av ordføraren. Det er ein diplom, blomsterbukket og rett og slett heider og ære. Dette er noko av høgdepunktet mellom mange ungdommar. Det starta eigentleg med Årets makrell, ein pris som går til ein voksen. Ungdomsarbeidaren vår i Herøy meinte at ein ungdom også fortjente ein slik pris. Det er ordføraren og ungdomsarbeidaren som vel kven som får prisen.

Det var ikkje berre på kvelden det skjedde på Pir-festivalen, på dagen var der aktivitetar som: paintball, go-cart, leirdueskyting, kanovelting i bassenget og volleyballturnering. Eit av samarbeida som var under PIR-festivalen var med Fredagstreffet, som er ungdomsgruppa i kyrkja, dei stilte opp og hadde ansvar for grilling. Fritidsklubben stilte med kiosksalg, vakter og alt dei måtte trengast til.Vi hadde også samarbeid med MOT og Rolig Nå. Det var nulltolleranse for rusmidlar og alkohol, og vi hadde innleigde prosec vakter, i tillegg til foreldrevakter. Ungdomsrådet sponsa gratis skyss heim til alle øyar og plassar innanfor kommune grensa då programmet var over klokka 02.00.

Dette vil skje i år også, og det har blitt fiksa ein buss til og frå Ulsteinvik!

Arbeidet opp mot festivalen har Ungdomsrådet i Herøy stått for. Dei har skaffa sponsorar, aktivitetar og diverse andre ting som har blitt gjort !

Ungdomsrådet er no klare for ei super helg !

Vi kjem, kjem du ?

PIR- festivalen
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: -4
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord