Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Nytt

Oppstartseminar 2008

Ramon J. Karadash
Skrive av Ramon J. Karadash
20. jan 2008, kl. 22.28

Helga 18. til 20 januar 2008, hadde 11 håpfulle ungdommar frå UP Møre og Romsdal og UFU Sør-Trøndelag samla seg for eit felles oppstartseminar. Dei budde på koselege hytter oppe på Skaret, og kunne ta erfaring frå for eksempel teambuilding, personlighetsanalyse og kurs i media-handtering.

Av dei 11 oppmøtte, var det sju frå UP (Ungdomspanelet) og fire frå UFU (Ungdommens FylkesUtvalg) tatt vegen for å vere med på seminaret. Sjølv om det var håp om 18 deltakarar, var det ingen grunn til stemningsdemp, og alle såg ut til å kose seg.

I tilegg til mange møter og diskusjonar både internt og i mellom organa, vart det halde kurs i "Kvifor og korleis ta plass i media", leda av Oddbjørg Aa. Bjørdal frå fylkeshuset. Deltakarane fikk grunding innføring i kva som må til for å føre ein sak til media, før alle fekk prøve seg som intervjuobjekt i eit improvisert tv-intervju. Dette takla samtlige overraskande kaldt, og svarte lett på spørsmåla frå reportar.

Utanom media-kurset, var også MoldEvent til stades og hadde innføring i teambuilding. Her måtte deltakarane løyse utfordrande oppgåver gjennom samarbeid og kommunikasjon. Dei skulle blandt anna krype gjennom edderkoppnett, bygge sjølvberande konstruksjonar på "1000" meter høgde, og føre andre gjennom farlege minefelt i blinde. I tilegg fekk alle gjennomføre ein personlighetsanalyse som skulle kartlegge kva slags rolle ein har i forhold til teamwork.

Som eit resulat av god mat, tvilsomme bilete, koselegt vertspersonale, og lite vatn i dusjen var det ikkje tvil om at samtlige 11 kunne reise heim med meir kjennskap til både seg sjøl og dei andre.

Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 0
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord