Nytt
Opningskonsert på "Bell Ungdomsklubb" i Ulsteinvik
Fredag var det opningskonsert for “Bell Ungdomsklubb” i «Skollebakken Aktivitetshus». I tillegg til å halde ope, var det gratiskonsert i dei nye lokala. Det lokale bandet «Epic Noise» stod klare til å rocke på scena, og på slaget 20.00 byrja dei å spele. Alle songane deira var sjølvskrivne, og dei blei godt likt av publikum.
Då folk høyrde røysta til vokalisten i bandet, Sondre Arnesen strøymde det på med publikum. Her fekk bandet verkeleg vise seg fram!
-Det er jo sjølvsagt ei ære å få spele på opninga av klubben, seier Sondre Arnesen.
- Det at vi sett standarden på klubben, er jo kult, legg synthist Sveinung Liavaag til. Arnesen meiner det er kjekt å ha moglegheit til å stå på ei scene og vise seg fram for andre ungdommar. Spesielt når det er mykje godt publikum, påpeikar han.
Les meir om opningskvelden i Vikebladet Vestposten - link finn du her:



Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)